Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2016

Mosjon
Søndag 31.

Spesielt Flamme
Lørdag 30.

Summering av diktbok-året
Torsdag 28.

Eit tal som auka og auka
Søndag 17.

Dei beste diktbøkene
Lørdag 16.

Nytt år, 2016
Mandag 4.

Torsdag 28. Januar 2016

Summering av diktbok-året

Diktbøkene? Ein tendens finn ein da? Sorga og familie og samfunn. For fleire poetar var sorga ein nøkkel til temaet framilie og temaet samfunn. Sorga er ikkje ukjend for lyrikken. Sorga var det store lyrikktemaet i 2015, og det blei handsama med til dels stor kløkt. Også vitskap tyder mykje i bøkene til fleire, bøkene til Inger Elizabeth Hansen, Linda Klakken, Øyvind Rimbereid, samt debutantane Eirin Gundersen og Maria Dorothea Schrattenholz.

Livet var, og må vere, sentralt, det såg ein hos Torgeir Rebolledo Pedersen, så vel som hos Målfrid J. Frahm Jensen, hos Jan Jakob Tønseth, hos Karin Haugane, hos Hans Sande, hos Annabelle Despard, hos Hildegunn Dale og hos Terje Thorsen.

Skarp samfunnsskildring såg ein i skildringar av Odveig Klyve, Inger Elisabeth Hansen, George Mackay Brown og Jon Hjørnevik. (Ps 10/2: Her kjem også Stian Johansens diktbok Feltet om konkrete bustadsfelt inn.)

NB: Det var ikkje slik at dei gode bøkene hadde berre eitt tema, slik er ikkje poesien. Dei beste diktbøkene i 2015 kombinerte ofte fleire distinkte tema.

Bøker som hadde poesidikting som viktig tema, var skrivne av Terje Dragseth, Einar Økland og Torgeir Schjerven. Dette er normalt (og ikkje særleg mykje). Spebarnet fann eg hos to forfattarar dette året; og denne gongen hos mannlege forfattarar, Casper André Lugg og George Macay Brown. Naturen i byen var hos Margrethe Aas, i boka Vy. Noregs strategiske fylke Hedmark blei i år godt representert av Frank Eriksen med Uroen reise hodet og av Ole Karlsen (red.) si artikkelbok om Alf Prøysens lyrikk, »vakkervisa hu skulle søngi».

Elles er noko eg vil kalle «dobbelt lause dagboksdokument» ein fare i nye høvesvis anonyme lyrikkbøker. Dei har eg også hoppa over i omtalen min. Og einsretting er alltid ein fare å rekne med (no tydeleg demonstrert ved Kulturrådet si handsaming av Jan Jakob Tønseth). Forlaga må heller aldri nokonsinne bli likesæle både i arbeid med manus og i utforming/kontakt med lesarane.

Om eg hadde prioritert å studere ferdig no boka om Alf Prøysen redigert av Ole Karlsen, ville ho saktens komme på topp tolv. Dessutan prioriterte eg ikkje tid på Horats, på persiske dikt (for barn), på Edda-dikt, heller. Enda eg liker alt dette. Dei beste tolv i 2015 som eg har lese og fortalt om, er i tilfeldig rekkjefølgje (slik dei blei tatt opp i førelesinga mi 23/1-2016):

Torgeir Rebolledo Pedersen: Åstedsblomster
Målfrid J. Frahm Jensen: Farmor er hippie
Inger Elisabeth Hansen: Å resirkulere lengselen
George Macay Brown (frå Orknøyane): For øyane syng
Odveig Klyve: La oss ta den blå himmelen med storm
Terje Dragseth: Jeg skriver språket
Jan Jakob Tønseth: Muntre dødsdikt og andre dikt
Jon Hjørnevik: Heimekontor i gravferda (2014)
Karin Haugane: Anna Wunderlichs sang
Øyvind Rimbereid: Lovene
Linda Klakken: Åtte minutter
Henry Parland: (Selv om) Hamlet sa det vakrere


Vel. Det er bra også å vere mellom dei tjue eller tretti beste! Nivået i Noreg er høgt. Breidda er stor. Og ulike framifrå norske poetar hadde ikkje ny bok ute... Om ein jamfører nivået med Danmark og Sverige for tida, kva skal vi seie? Iallfall meir enn bra nok.



*

Dette blei brukt som avsluttande SJETTE DEL av FØRELESINGA 23/1.

Lesarane treng vel òg oversikt over diktbøkene som eg las forut for dommen på Litteraturhuset 23/1? Her er alfabetisk oversikt (forf.).

Også her er kvalitetsvurdering av eit par bøker i 2015, mi vurdering av kvalitet.