Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Autonomi-estetikken kverv?
  Fredag 6. Januar 2006
Det har vori eit omskifte i litteraturforskinga i gamle Noreg, syner ein reportasje i Klassekampen, som held fram i fleire påfølgjande nummer med kommenterande intervju (m/ forskarar og andre aktørar på litteratur-feltet).

Etter at autonomiestetikken har hatt vind i segla i lang tid, ser han ut til å miste førsteplassen i køen for forskingsmiddel. Ikkje berre miste teten, men falle i bakleksa. Autonomiestetikken har fokuset hovudsakleg eller utelukkande plassert på det som står i verket. Derimot å plassere fokus hovudsakleg på verda utanfor verket, orientere mest rundt kontekst, det vil vere den motsette estetikken... Men mange forskarar vil vere uinter-esserte i å ta ein uttalt bestemt posisjon i høve til desse polane.

*

Her kjem eit aktuelt døme som forklårer problemet med estetikk. Eg skal leggje ut ein artikkel om det kjende konkretistiske diktet «Al-Jazeera» skrivi av Lars Mikael Raattammaa; diktet tar seg ulikt ut etter kva for ein estetikk ein legg til grunn.

Veit ein, og vil ein vite, at al-Jazeera er ein uavhengig og omstridt (f.eks for USA) arabisk TV-kanal, vil lesaren kunne sjå at diktet handlar om kommunikasjon. Held ein drimot denne kunnskapen utanom, vil vegen til forståing av diktet bli lengre. Ja, al-Jazeera blei kjend under krigen i Afghanistan etter 11.september 2001, og al-Jazeera blei enda meir kjend under bombinga av Bagdad frå 20.mars 2003.

For dei som har AUDIATUR-katalogen finst diktet der, det er stort, det byr på trykktekniske problem, Og det er forsynt med Anna Hallbergs oppsummerande artikkel over resepsjonen, som klarer å unngå kva «al-Jazeera» er kjend som namnet på. (Heller ikkje Hallberg slepper katta ut av sekken.) Men diktet finst også ulike stader på nettet.

I november skreiv Robert Fisk om TV-kanalen al-Jazeera : «No wonder al-Jazeera was a target».

Her har eg mi eiga vudering i haust av Bergen poesifestival, Audiatur .

Det er livstrugande sjukdom i familien. Å følgje opp denne nettstaden med det som er lova, vil derfor ta si tid.


Nytt Jan 2006:

Ottar Ormstad på vårliste
Søndag 29.

Autonomi-estetikken kverv?
Fredag 6.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn