Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2015

Lyrikk i litterære tidsskrift
Tirsdag 22.

George Mackay Brown frå Orknøyane
Mandag 14.

Mykje på eitt brett
Lørdag 12.

Økland med: Sykling i søvne
Fredag 11.

Å tenkje (Frank Eriksen)
Tirsdag 8.

Inger Elisabeth Hansen
Onsdag 2.

Debutantdagar
Tirsdag 1.

Mandag 14. Desember 2015

George Mackay Brown frå Orknøyane

Det vesle Nordsjøforlaget byr, like før jul, på mange perler av poeten George Mackay Brown, som levde heile livet sitt på Orknøyane frå 1921 til 1996 i enkle, og i førstninga, harde materielle kår.

Dette er ei sjølvstendig «Dikt i utval»-utgjeving, der Jostein Sæbøe (samarbeid med Hanne Bramness) har vald ut og gjendikta ein god porsjon dikt frå Mackay Brown om fattige og veike sitt verd og korleis dei, slik det heiter hos forlaget, «alle deler skjebnen, også med naturen».

Eit sentralt utfordrande og komprimert dikt frå samlinga The Year of the Whale (1965) er nok "Bestarium for véret” (einhjørning og desslike høyrer med i eit bestarium, saman med andre dyr):



REGN
Einhjørningen stig fram or det brotne biletet. Blaute hovar
har drukna kornet i lys.


VIND
Ein fiskar væter fingrane. Augnevippa
til den grå hingsten slår is i blodet hans.


SOL
Ein streng sommar. Månaden eg sat på berget
steig éin fisk opp, med buken i vêret, eit glimt av død.


TORDEN
Korn, hummar, saueull hausta i full fart – no
strandar kvalen på det blå skjeret!


FROST
Stiv urørleg blom, blom på likstrå
vis oss klårleiken i blod, stjerner, eple


SKODDE
Den soldyppa øya var brått ein sau
bortkommen og fåvis, skjelvande i tjukk, våt ull.


SNØ
Haust, ein papegøye i ny fjørdrakt ser skræmd på
den rare kvite katten. Han fyk inn under rosebusken.



Diktet «Voggevise for Lucy» er henta av gjendiktaren frå For the Islands I Sing (1997), som må vere ei posthum utgjeving, ei av fleire slike, iallfall tre, posthume utgjevingar, sidan forfattaren døydde alt i 1996 (75 år gammal). «Voggevise…», som skal vere til Lucy Rendall, er berre vakker og sannferdig for folka det handlar om, og passe humoristisk (medrekna alle framlydsrima).



Voggevise for Lucy


Lat alle dalens vekstar og vesen
samlast no,
og be det nye
barnet om å vere med på festen.

Rogn og lam og vatn salt og søtt
be det nye
barnet med i den fløymande
dansen i dalen,
ein lovnad og eit løfte.
Einsame var dei lenge, alle i Rakwick, før
Lucy kom til dei, med klårleik og lys.



Dette er ikkje Lucy in the Sky with Diamonds, men Lucy for heile den mindre dalen. Eg ser det så grant føre meg. Vi har jo alle sett kor mykje eit nyfødd barn kan ha å seie. Dette er ikkje tull.

Også det lengre diktet «Vandrande spelemann» - frå Nothern Lights (1999) – er posthumt, det er utgjeve fleire år seinare. Og det har episk trykk lagt like i munnen på spelemannen. Nordsjøforlaget si ferske utgjeving byr alt i alt på mykje spennande lyrikk. Utan at eg har den engelskspråklege originalen føre meg og kan jamføre den med den norske versjonen, vil eg iallfall seie at gjendiktinga er frisk og biletrik og samtidig melodiøs. Gjendiktaren har brukt sitt skjønn godt. Skjønnet er bra. Takk for at de - både forlag og Jostein Sæbøe - har henta George Mackay Brown inn til oss!