Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2015

Lyrikk i litterære tidsskrift
Tirsdag 22.

George Mackay Brown frå Orknøyane
Mandag 14.

Mykje på eitt brett
Lørdag 12.

Økland med: Sykling i søvne
Fredag 11.

Å tenkje (Frank Eriksen)
Tirsdag 8.

Inger Elisabeth Hansen
Onsdag 2.

Debutantdagar
Tirsdag 1.

Fredag 11. Desember 2015

Økland med: Sykling i søvne

Einar Økland fekk nyleg ein stor pris for forfattarskapen og blei feira fortent. Prisen passar på Økland. 75-åringen har vore i poetisk storform dei siste åra og reknar seg hovudsakleg som poet, trass eit stort og vidt forfattarskap i alle sjangre, t.d eit viktig og solid forfattarskap for barn og t.d særs gode og originale faglitterære prestasjonar. I år kom den rike diktboka Sykling i søvne ut, der poeten også karakteriserer seg sjølv som person inkludert ein aldrande person. La meg sitere Øklands dikt I HUGEN, to plassar etter titteldiktet «Sykling i søvne». Orda er velvalde, sjølvironien og humoren og det stolte er der:



I HUGEN



Djup har eg aldri vore frivillig,
derimot flat og vid.
Mi retning er bortover,
same kvar eg vender meg.
Om blikket ofte går fortare
enn føtene og skuggane deira,
held alle som oftast likevel lag.
Farten er knapt merkande.
Hugen held seg der vi stoppar, i nærmiljøet.
Ein liten myggsverm
som følgjer med
når vi går vidare.