Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2015

Lyrikk i litterære tidsskrift
Tirsdag 22.

George Mackay Brown frå Orknøyane
Mandag 14.

Mykje på eitt brett
Lørdag 12.

Økland med: Sykling i søvne
Fredag 11.

Å tenkje (Frank Eriksen)
Tirsdag 8.

Inger Elisabeth Hansen
Onsdag 2.

Debutantdagar
Tirsdag 1.

Tirsdag 8. Desember 2015

Å tenkje (Frank Eriksen)

Riktig det som sto om Hamar i artikkelen min: at samtidspoesi-festivalen på Hamar er ei gild sak for Hamar kommune, som ligg i eit tradisjonelt & kulturelt fylke, det er Hedmark. Kommunen Hamar har satsa på kulturhus, eit av dei største i landet. Ikkje for sterkt av meg å hevde at Hamar iallfall er sentret for forsking på nyare norsk poesi.

Likevel er det ikkje Hamar som er spesiell når det gjeld langvarig sterke kulturelle målsetjingar. Det er heller Hedmark som fylke dette gjeld. For den klårt mindre staden Flisa lenger aust i fylket var sentrum for forsking på nyare norsk lyrikk i over ti år frå 1990. Og tenkj etter: Wergeland skildra Mjøsa og mjøsbygdene så Welhaven sa stopp! Det er ikkje tilfeldig at nett Hulda Garborg og Halldis Moren Vesaas kom frå Hedmark. Det er eit nokså filosofisk og djupt tenkjande fylke som fostra Alf Prøysen og fostra dei under-vurderte Vidar Sandbeck og poeten Øystein Sunde (med arv frå Kjell Aukrust) i tillegg til skogsarbeidaren Hans Børli og Åsta Holth, president i Republikken Finnskogen, pluss at fylket fostra den nesten aller mest kjende, Rolf Jacobsen. Mange kjende namn. (Og nokre unemnde her.) I Hedmark er det ein bråte med folke-høgskolar.

Eit kvinneuniversitetet oppsto i Hedmark tidleg på 1980-talet, det er kanskje slikt vi hugsar. På Løten først. Eg heldt på å gløyme verds-einaren Kirsten Flagstad. Edvard Munch var berre fødd på Løten. Eit filosofisk og tenkjande fylke er det, klårt, og ikkje det fattigaste fylket, om du skulle ha fått det inntrykket. Viktig er det å forstå at fagrørsla svært lenge har stått sterkt i nett Hedmark, fagrørsla og raude politiske parti. Dei fleste hadde beina på jorda her - og har vel det også no.

Vi tenkjer kanskje ikkje ofte såleis om dikt, på kva som er bakke-kontakten; slik som eg har gjort her? Går vi vidare på dette, så finn eg (i farta) at likevel ikkje så mange frå fylket har ute diktbok i år; korkje Lina Undrum Mariussen eller Levi Henriksen eller Jo Eggen eller Britt Karin Larsen har det. Eller - for den del - korkje Munthe/ Margrethe eller Sveen/Åsmund eller Skjæraasen/Einar står med nytt (For seint for dei tre).

Men Frank Eriksen sine melodiøse eller forteljande strofer har vi; vi får dei i diktboka Uroen reiser hodet, som står trygt planta i alt det hedmarkske vi har teikna opp ovafor. Det nest siste diktet i boka er så godt som eit titteldikt:




UROEN


Uroen reiser hodet hver gang jeg tenker på den
da går jeg opp og ned trappene i det gamle huset
jeg mangler ingen etasje lenger
går ned og opp
jeg har gjort meg en syvende
dit vil jeg ikke nå
heller klippe hjørner jeg ikke har skrevet på i andre
klimpre på gitaren som henger i tredje
åpne vinduet i fjerde ut i mørket jeg har brukt som
blekkhus
finne fram det grove gamle tauet i femte
se på familiebildet i sjette der alle ser hver sin veg
gå ned igjen til første, åpne døra for henne
som ikke kommer seg over gata på grønt lenger
gå ut av det gamle huset og følge humlene i den lilla
jubelen

følge den lengste stengelen som strekker seg mot
utlampekuppelen
tilhøre biene
tilhøre de som arbeider fritt omkring
tilhøre søstera mi som går med skaut
hun sendte meg noen ord på iPhonen sin i går:
«Små frø kan fly med vinden»
Gå inn i det gamle huset igjen og
ned i kjelleren
åpne vinduer, børste vekk kingelmor
jeg har gjort meg en syvende




Når folka i Noreg skulle vedta ein fri norsk grunnlov i 1814, møttes dei sør for Mjøsa, på Eidsvoll, litt sør for Hedmark. Bjørnstjerne Bjørnson blei fødd i Hedmark og slo seg ned som god vaksen-kar på Aulestad hos naboen Oppland. Og alt dette er geografisk sentrale norske område, med ikkje altfor lang veg sørover til Oslo, og for så vidt heller kort avstand austover til stormakta Sverige. Og ikkje rart at folket i Hedmark har sans for realitet og humor, men like mykje for strategi...

No er Frank Eriksen her med Uroen reiser hodet (Bokvennen 2015)