Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2005

Gulliksen og det beste enkeltdiktet
Torsdag 29.

Georg Johannesen er død
Torsdag 29.

Skjergarden
Tirsdag 20.

Poesiåret
Søndag 18.

Torsdag 29. Desember 2005

Gulliksen og det beste enkeltdiktet

I Nrk vann Geir Gulliksen med det beste enkeltdiktet. Geir Gulliksen kom med dikta ”se på meg nå” i haust. I det minste ein bokmeldar såg stor kameratskap med Jan Erik Volds ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja”. Alt dette gjorde meg nysgjerrig, og eg kunne ikkje sleppe tanken, slik at eg gav meg sjølv Geir Gulliksens bok i julegåve på tampen, og ho er lesen i porsjonar (i Bergen og Kragerø).

Det følgjande kan vere eit bidrag, godt på overtid, til artikkelen min Gjennomstått Mor Godhjertas glade versjon. Ja?.

Toneleiet (la meg ta det skisseaktig): Geir Gulliksen legg toneleiet ned, heilt utan affektasjon eller skrytande ord. Jo, det er den humanistiske arven som førast vidare hos Gulliksen, med mjuke dommar; og han tematiserer mannsrolla, om ikkje familien, på same måte som Jan Erik Vold gjer. Gulliksen tar opp generasjons-motseiinga.

Personar. Det sjølvbiografiske og det barnlege elementet er klårt eit hovudtema hos begge poetane, sjølv om menneska i dikta til Gulliksen ikkje står fram med sine fulle offentlege namn, da heller berre med ein diskret forbokstav. Kanskje eit enda mjukare vis å skildre personar på - . Eg merka ikkje slektskapen med Vold før på side 12, etter dei to inn-leiande dikta.

Politikk. Den politiske kloa finst i 2005, i «essayet» om pengar t.d. Dette trekket er parallelt med Volds verk. Og dette er Gulliksens bidrag til 100-årsjubileet og samtidig Gulliksens diktutgjeving på 2000-talet (etter-følgjande diktsamlinga Voksne dikt 1999).

Pratinga. Diksjonen er pratande, minner noko om Volds ekspensive vers, men Gulliksen bruker langt større delar av det etablerte poetiske repertoaret, stilfigurane, i tillegg til det pratande språket. Vold er meir banebrytande her, først og fremst meir demonstrativ nyenkel. Vold er banebrytande med sine tingdikt, også Gulliksen har tingdikt, t.d «et essay om brød» (s 35). I høve til Vold 1968 og 1960tals-estetikken meiner eg at Gulliksen 2005 ikkje har kollasj og openberr sjanger-overgang.

Komposisjonen. Det beste enkeltdiktet? Bra. Gulliksen vann ein konkurranse på Nrk om det beste norske enkeltdiktet i bokhausten. Gjennomkomponert er boka hans likevel, ein heilskap først og fremst, er inntrykket mitt. Førsteversa går tidvis igjen som refreng eller refreng-komposisjonar og kan bli endra og snudde i neste dikt. Gode enkeltdikt er jo iallfall eit klårt fellestrekk med dikta i Volds Mor Godhjerta. Dessutan har Vold ein uttrykt og sterkt gjennomført heilskap ved å stadig vilje vere ein både konkret og positiv måte å omtale på, og Vold rettar stadig på seg sjølv for å oppnå ein slik vald posisjon/ versjon.

Lester Yong? Hos Vold finst reminisensar av klassiske jazzlåtar, og han presenterer jazzverda inn; hos Gulliksen gjev jazzlåta ”Look at me now” tittel til boka, og låta gjev boka si sentrale refrenglinje, som blir snudd og vend på i boka. Gulliksen er igjen meir diskret.

Konjunkturar. Jan Erik Vold skreiv ”Mor Godhjertas glade versjon. Ja” tidleg som eit høgt gjennombrot i forfattarskapen og lenge før han f.eks hadde stifta eigen familie. Geir Gulliksen kjem med ”se på meg nå” som klårt definert (heime)arbeidande småbarnsfar og nesten tjue år etter sin litterære bokdebut. Denne ulike skjebnen har noko med dei litterære konjunkturane å gjere for dei to.

Open og brei... Det viktigaste fellestrekket mellom dei to fyldige dikt-utgjevingane, og det som gjorde meg mest overtydd om eit hopehav, var det heilt opne, breie humanistiske innhaldet, noko som kan finnast i kunsten, men som er meir sjeldan å finne i poesi enn det mange trur.


I Artikkel-spalta har eg ein utvida versjon av teksten (med diktdøme).

Her er noko kort om poesiåret.