Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2015

Klimamarsj
Fredag 27.

Aleine med orda
Torsdag 19.

Duene
Onsdag 18.

Stort prosjekt (II)
Onsdag 11.

Poetar deltar i aksjon ute
Tirsdag 10.

Eit par tips
Fredag 6.

Stort prosjekt
Torsdag 5.

Sentrale festar, sørvest
Onsdag 4.

Torsdag 19. November 2015

Aleine med orda

Litteraturhuset i Skien ville intervjue Jan Erik Vold i går i noko som planlagt blei Jan Erik Vold og orda (altså aleine utan musikk). Det blei eit nært møte for åtti tilhøyrarar med ein eldre poet som var viljug til å gå solid inn i viktige tilhøve. Meir om dette i morgon. Referat finst i avisa Varden (og tilbakemelding på Facebook).




FRÅ I GÅR:


* Kva han arva etter far sin, den sterke journalisten Ragnar Vold, delte Vold. Og seinare på kvelden kva han arva av forretningsans etter ein oldefar i Mo i Rana. I den utvida pausen på Litteraturhuset var det kø på «tjue» menneske som skulle kjøpe bøker og plater med samtidig autograf av poeten.

* I samband med dei to tingingssverka som Vold hittil har fått i sin forfattarskap, las han dikt med temaet Oslo-trikken svært godt, og like godt turnert blei En sirkel av is, boka som opphavleg var ein tinga prolog for Noregs skøyeforbund .

* Vold forklårte enkelt og greit inngangen sin til jazz og til Jazz og lyrikk (noko som for så vidt ikkje er nytt i forskinga), på ein slik lun kveld, ifølgje Varden, eit arrangement som blei leidd av Anne Spånem.

* Eit anna sentralt tema denne kvelden var den sterke markeringa av generasjon i det unglitterære tidsskriftet Profil pr 1966, der Jan Erik Vold var ein drivande motor. Og det var derfor at eg som telemarking og som samarbeidspartnar med han (hausten 1966) når det gjaldt Kommet forlag, blei henta inn til intervju-arrangementet i Skien.


Kommentar frå meg til det som blei handsama

Jan Erik Vold har heile tida vore særs trufast mot sine tema og sitt opphav i jazzen, men også trufast mot sitt eige sjølvstende både som kunstnar og aktør. Kanskje hadde han også lite anna val? Litt om det: Året etter generasjonsmarkeringa i 1966, fann det litterære miljøet i Noreg ut at det trong meir ungt påfyll og ikkje hadde nok med bøkene frå den nye generasjonen som hadde samla seg i Profil. Dei største avisene i Oslo kapra samstundes kvar sin bokmeldar; det var Arbeiderbladet, Aftenposten, Dagbladet og VG. Dag Solstad, Tor Obrestad, Espen Haavardsholm, Einar Økland let seg ikkje be to gonger i 1967. Jan Erik Vold, som alt hadde ein del røynsle med avisarbeid, blei ikkje spurt av nokon, synte det seg (for meg først mykje seinare). Å vere bokmeldar i slike storaviser dei åra gav både ein posisjon og også ei viktig inntekt.

Når eg tenkjer på det som skjedde i året 1967, ser eg ulike forfattar-strategiar. Fleirtalet av dei nyskodde talentfulle og allsidige gjekk inn for å livnære seg som heildagsforfattarar, noko som var eit vanskeleg prosjekt, og dei engasjerte seg i den faglege politikken i Forfattarforeininga og sto - fleire av dei - heilt i front for å danne Norsk Forfattarsentrum, organisasjonen som skaffa forfattarar av skjønnlitterattur betalte nye typer oppdrag. Dersom medlemmane i Profil hadde fullført utdanning og avansert utdanning, og det hadde fleire gjort, var dei berre eit kort tidsrom ute i brødjobb. Unntaket var Eldrid Lunden. Ho gjekk brødvegen og ein meir smålåten veg. Men ho var til gjengjeld i spiss med på, gjennom studiet som starta i Bø, å setje idéen om forfattarutdanning ut i livet.

Nærmast ein avvikar frå ideen til vennene om å leve av lyrikk og romanprosa, var Jan Erik Vold, som heller bygde seg opp som artist og fysisk bokseljar med metallkoffert. (Han heldt ut som reporter og som tidskriftredaktør med jobb i Vinduet og deretter i Basar. Seinare var han dertil ustoppeleg med utgjeving av ei lang rad med essayistiske bøker og store arbeid med alt frå Gunvor Hofmo til Alf Prøysen; noko som er godt kjend.)


Ps 2/12-2015

No har Vinduet komme med eit dobbelnummer om essay. Det er Vinduet 3/2015. Jan Erik Vold nemnde dette tidsskriftet frå scenen i Skien. Han nemnde at han sjølv ikkje var nemnd der i ein fotnote eingong. Eg trudde han på det, men tenkte likevel at: kan dette vere sant! Derfor fekk eg bokhandelen til å tinge tidsskriftet til meg. Eg er jo interessert i essaysjangren, absolutt. Og det stemte, det som Jan Erik Vold sa frå scenen. Vold var ikkje inne i nokon kontekst. Og berre Gud, trur eg, kan vite kvifor. Kan det vere at redaksjonen i det stille planlegg eit eige spesialnummer om Volds essayistikk? Men så las eg i går, i Musikkmagasinet til Klassekampen, artikkelen om Bård Torgersen og fysiske forfattarstemmer, at der blei Jan Erik Vold nemnd naturleg saman med Anne-Cath Vestly og Alf Prøysen og William S. Burroughs. Og det er noko heilt anna.