Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2015

Klimamarsj
Fredag 27.

Aleine med orda
Torsdag 19.

Duene
Onsdag 18.

Stort prosjekt (II)
Onsdag 11.

Poetar deltar i aksjon ute
Tirsdag 10.

Eit par tips
Fredag 6.

Stort prosjekt
Torsdag 5.

Sentrale festar, sørvest
Onsdag 4.

Fredag 6. November 2015

Eit par tips

Som liten var eg så heldig å ha ei mor som kom med tips, men ikkje altfor mange råd. Ho kunne seie «Wergeland er den beste», eller ho kunne seie «Torborg Nedreaas er den beste». Ho sa også det - og det hadde ho jammen rett i - at «Nora Brockstedt er den beste». No er Nora Brockstedt borte, og det beklagar denne nettstaden. Det var eit fint menneske og ein stor artist som gjekk bort.

Greit. Også Lady Chatterleys’s Lover las mor mi, dertil romanen «Uten en tråd» da den kom. Ho var både og. På denne nettstaden prøver eg på liknande vis å komme med vink og vere «både og». Når det t.d gjeld Mårenbiennalen, vil eg vere frampå med å melde eit arrangement; melde at Mårenbiennalen 2015 presenterer sitt ad infinitum ved å annonsere slik:
No i Aulaen ~ Steinerhøgskolen i Oslo ~ Prof. Dahlsgt. 30

November, fredag den 13. kl 17:00
Inngang kr 100. Studentar gratis

Tre akter om musisk samhandling.
Klang, rørsle, poesi, ljos og farge i makelaust samspel.
Samstundes forelesing og aktivitet som kastar ljos over vår felles djupe kjelde og trong til å bere fram eit eige uttrykk.
Anne Weidner (rørsle, eurytmi)
Laura Marie Rueslåtten (håndklokker)
Ivar Orvedal (poesi, stemme, perkusjon)
Adrian Løseth Waade (fiolin)
Ellekari Sander (stemme)
Isabel Sörling (stemme)
Pål Runsjø (bratsj, forelesing)
Olav Bødtker-Næss (sangar, instruktør)