Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2015

Klimamarsj
Fredag 27.

Aleine med orda
Torsdag 19.

Duene
Onsdag 18.

Stort prosjekt (II)
Onsdag 11.

Poetar deltar i aksjon ute
Tirsdag 10.

Eit par tips
Fredag 6.

Stort prosjekt
Torsdag 5.

Sentrale festar, sørvest
Onsdag 4.

Torsdag 5. November 2015

Stort prosjekt

Prosjektet mitt med å lese alle diktbøker på norsk som kjem ut i år, i alle fall dei som er mogleg å få tak i, og vurdere dei alle, dette har komme godt i gang. Forlaga Cappelen-Damm, Flamme, Gyldendal, Oktober, Samlaget og Tiden har send sine bøker. Iallfall dei bøkene som er ferdige, og det er dei aller fleste no. Eg byrjar også å få eit inntrykk av kvalitet ved å lese så mykje. Og det skal bli spennande å finne fram til dei aller beste diktbøkene i år, noko som eg vil gjere etter ei samla vurdering. Ei bok, som mange har nemnd og skrytt av, Inger Elisabeth Hansens Å resirkulere lengselen, avrenning pågår har eg enno ikkje fått tak i, trass i purringar og dertil søk gjennom bibliotekssytemet. Kan hende det ordnar seg.

Eg var inne på kvalitet. Alt no må eg få seie at dette som enkelte har sagt (eller ymta om), at bokhausten ikkje er så god i toppen eller i breidda som ein kunne kreve. Dette vil eg tru er forhasta. Det at kritikken i avisene og omtalen av t.d diktbøkene har vore skrinn, er ikkje det same som at produksjonen og poesien har svikta. Alt i løpet av eit par dagar skal eg gje eit døme på spennande diktbøker frå eit enkelt forlag, for å syne at også forlag kan gjere ein god jobb. Frå eit meir ukjend småforlag (dvs Commentum Forlag) har eg alt omtalt Farmor er hippie av Målfrid J. Frahm Jensen som ei original diktutgjeving.   

Førebels takk til forlaga for svar på ei bøn.



Ps november 2015:
Og her er artikkelen eg snakka om: Eit forlag 2015.