Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2015

Barnas poesidag
Torsdag 29.

Litteraturdagar i Aurland
Mandag 26.

Om ein by
Lørdag 24.

Å somle er ein kunst
Fredag 23.

Regnskogenskogen
Søndag 18.

Oslo internasjonale poesifestival
Søndag 4.

På veg til Paris
Lørdag 3.

Litteratursymposiet i Odda
Torsdag 1.

Mandag 26. Oktober 2015

Litteraturdagar i Aurland

No i Aurland kjem Nynorske litteraturdagar i gang frå fredag 30. oktober, med trekkplaster som til dømes Ruth Lillegraven, Jon Hjørnevik og Ragnar Hovland. Program






*
På laurdag kjem - i Oslo - ein poesifest i Cappelen Dammhuset med godt gjennomtenkt program. Ute i programmet mellom anna møte med mykje omtalte unge danske Theis Ørntoft. Representantar for poesien i år her på berget er Camilla Groth, Terje Dragseth, Odveig Klyve, Casper André Lugg (og andre). Ønskedikt ved publikum og Jan Erik Vold og Matias Eick/Andreas Ulvo. Stad er Akersgata 47/ 49: Kart

Eksempelvis diktet av Odny Klyve:


Ministeren blar gjennom
bunkane av framtid
Ein tvil blafrar gjennom
sekundet

Kva er eit menneske ein minister
i denne eldgamle verda

Han tenkjer på Thales
den første til å måla krafta som
oppstod når ein gneid på rav
den første til å kalla det for
elektrisitet

Kva gøymer ei verd med
partiklar i rørsle kva er materien
svevande i elektrodynamikk fanga av
Maxwells lover kva kan ein gripa
og sleppa fri