Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2005

Gulliksen og det beste enkeltdiktet
Torsdag 29.

Georg Johannesen er død
Torsdag 29.

Skjergarden
Tirsdag 20.

Poesiåret
Søndag 18.

Torsdag 29. Desember 2005

Georg Johannesen er død

Georg Johannesen er død. Kort uttrykt var han portalen til 1960-åra i norsk lyrikk og til norsk ny politisk venstreside. Den analytiske evna hans var både frykta og respektert.

Georg Johannesen debuterte i 1957 med romanen Høst i mars om norske terroristar. To år etter kom Dikt.

Sist utgjevne diktsamling av Johannesen er Ars vivendi eller de syv levemåter (1999), medan sist utgjevne essaysamling av han er EKSIL, som kom i haust - med undertittelen «Om klosterlasse og andre eksempler».

1960-åra i litteraturen var tida og tiåret for systemdikt, meiner eg. Georg Johannesen bidrog der med systemdikta Ars moriendi eller de syv dødsmåter (1965).

Systemdikt er knytta til vitskap. Georg Johannesen, liksom fleire andre framståande poetar på 1960-talet, dreiv med vitskap.

Eg har noko meir å levere av dette. For artikkel-spalta har eg gjort ein utvida versjon om Johannesen - med diktdøme .