Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2015

Barnas poesidag
Torsdag 29.

Litteraturdagar i Aurland
Mandag 26.

Om ein by
Lørdag 24.

Å somle er ein kunst
Fredag 23.

Regnskogenskogen
Søndag 18.

Oslo internasjonale poesifestival
Søndag 4.

På veg til Paris
Lørdag 3.

Litteratursymposiet i Odda
Torsdag 1.

Fredag 23. Oktober 2015

Å somle er ein kunst

Kva med «talande okse»? «Talande okse» minner meg om indianar-namn og om «besjeling» av naturen. Poeten Hans Sande utnyttar dette uttrykket - og faktisk skal det vere eit indianarnamn - til tittel på eit dikt som fører med seg tre (andre) utmerka dikt etterpå i boka Kunsten å somle (s 32). Her siterer eg «Talande okse»:


I min ungdom levde eg
tre år blant hopiane i Arizona
Dei lærte meg å ri utan sal
gjere opp eld utan fyrstikker
elske utan å kysse

Vi smurde oss inn med raud oker
til vern mot ørkensola
Ved fullmåne dansa vi slangedansen
med små giftslangar i munnhola

Då tunga mi vakna til liv igjen
gav hovdingen meg namnet Talande okse
og sa at no skulle eg vere sjaman
for dei sorgfulle kvite

Eg steig av hesten for siste gong
og smaug meg inn i tipien
Der sat gamlekona og fletta tungeband
til bunaden min
Kom og et, min stumme okse
sa ho og støtta meg bort til bordet



Boka til Hans Sande – Hans Sande er både psykiater, biletkunstnar og forfattar - blir tilbakeskodande skrive på forteljande og historisk vis, sjølv om det er dikt... Ein «tipi» er eit telt som sletteindianarane i Nord-Amerika hadde (ifølgje wikipedia).

Poeten er tøff i delar av boka. Så er han bitter i andre delar, og blir særleg mørk og deprimerande til sinns i siste del, der eg-personen famlar utan å finne seg til rette. For alt eg veit kan denne delen vere interessant og nyttig å lese for folk som slit med aldring - eller med langvarig kjærleikssorg, slit med å få ord på kjenslene. Mange eldre over ein viss alder støyter - som vi veit - på stadige problem med mistrivsel. Og det heile verkar uløyseleg.

Det mest kjende uttrykket i poesi for kjærleiksproblem er kanskje den eldgamle franske songen «Plaisir d’amour» (Meining med den: at kjærleikslykka varer ikkje lenge, men det gjer jo derimot alt trist i kjærleiken):
Plaisir d’amour ne dure qu’un moment
chagrin d’amour dure toute la vie

*

Oppbygginga av denne boka frå Hans Sande, ei bok med tittelen Kunsten å somle, tenkjer eg å ta føre meg i ein særskilt artikkel. Berre konstaterer eg her at diktboka kan ha ujamn kvalitet i delane. Livet går på dunken er hovudmelodien som blir høgare utover i boka. Men til dømes titteldiktet – dette kjem straks på side 13 – er kosteleg og vasstett:



Eg hadde gløymt kunsten å somle
gløymt at føtene kunne vingle
og stoppe opp kor som helst
Eg hadde gløymt ordet velefjør
og at skjora var den vakraste fuglen i verda
med velevipp av grøn smaragd
Eg hadde gløymt å gle meg over bringekassa mi
og skatten ho gøymde;
det fredlause hjartet
Gløymt å løfte opp ein framand katt
og stryke kinnet mot den mjuke pelsen
Eg hadde gløymt å gløyme meg bort
Gløymt å gløyme orda
Gløymt




Dette er definitivt ei nøktern og vakker «liste» over kva ein i livet kan komme til å miste og mangle av kjensler. Seinare i Sandes bok skjønar ein så at det dreier seg aller mest om depresjon og om sorg etter ein kjærleik frå andre som blei borte.