Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2015

Ordkalotten
Tirsdag 29.

Ein kultklassikar
Tirsdag 29.

Diktkammeret held fram
Søndag 27.

Paven og Cuba
Søndag 20.

Mest populære politikar
Fredag 18.

Heimekontor i gravferda
Søndag 13.

Grense på grense
Tirsdag 8.

Schrattenholz si Atlaspunkt
Fredag 4.

Litteratur og ytringsfridom
Onsdag 2.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Tirsdag 1.

Tirsdag 29. September 2015

Ein kultklassikar

Slik som dette byrjar ei norsk bok med eit dikt på nesten nitti sider av amerikanske Ariana Reines, diktet skapt i rus:

Her om kvelden
då eg ikkje fekk sove
attmed deg og eg
sa eg hadde lyst til å gråte
og du sa eg burde gjere det
og eg såg ned og pusta
og så gret eg
og du prøvde å ta på meg
og du gjorde det
og du prøvde å kysse meg
og du gjorde på ein måte det
og eg var så redd
for at eg elskar deg og du ikkje elskar meg
eg følte meg dum då eg tok på meg buksene
og eg følte meg dum då eg gjekk inn på naborommet for å hente boka mi
Beware of Pity av Stefan Zweig
(eg hadde lese forordet til deg
då eg framleis trudde vi kom til å knulle)
og eg følte meg dum då døra di
slamra for høgt bak meg
men då nattelufta slo mot meg
var eg letta.


Også neste side i boka, der langdiktet held fram med ny utvikling av tilhøvet mellom dei to, blei eg freista til å kopiere for deg som lesar:

Du les mykje. Du har ein hunger.
Eg likar det. Hungeren din gjer
at du legg merke til ting.
Du må ha langt merke til at eg følte meg dum
at eg følte meg hjelpelaus.
Kvinner.
Eg veit ikkje, Jake.
Eg forstår meg ikkje på kvinner.
Akkurat no føler eg meg som ei.
Eg veit ikkje kva kvinner vil ha
Men eg veit at dei eg likar
ikkje er sånne hurper
som legg ein arm rundt deg
(i dette scenarioet er du
den yngre kvinna)
og seier Du kjem til eit tidspunkt i livet.
Faen ta dei, dritkjerringar
som prøver å forgifte forotvilte jenter
med sitt resignerte og stusslege syn på verda.
Kvinner. Dei er nøydde til å kjenne begjær.
Eg óg. Eg er nøydd til å kjenne det.
Og eksen din, eller kanskje de er saman igjen
eg veit ikkje, Emma. Eg las noko av det ho skreiv
til deg då eg braut meg inn på gmail-kontoen din
(…)


Ja, orda er altså opningssider på diktbok, ei bok med tittel Coeur de Lion, boka som rommar eit einaste dikt, eit langdikt forfatta på engelsk i 2007 på berre to og ei halv veke og dertil «gjeve ut» ein månad etter den raske skrivinga. Ei «bok som tilstår alt» står det i bakside-teksten og i etterordet frå norske Anna Kleiva, som har gjendikta til munnleg norsk etter den engelske originalen og fått verket utgjeve i år, her i landet.

Nok ein gong kjenner eg på det etiske ved at forfattarar utleverer i skjønnlitterær form nære venner og nær familie, sjølv om poeten kunne ha gode formål, gode etter si eiga oppfatning. Til dømes bryt den biografiske Ariana Reines seg inn («hackar» på eit vis) på gmail-kontoen til exen/kjærasten og refererer også frå eposten hans seinare i diktet.

I den norske utgåva av Coeur de Lion (namnet på ein camembert) er det trykt ein åtte siders samtale mellom Anna Kleiva og Ariana Reines, henta frå Æ Å Trondheim litteraturfestival 2013, der Reines var gjest. Der fortalde Reines om omstenda rundt debuten Coeur de Lion i 2007: «(…) Eg slutta i den jobben eg hadde, der eg lærte japanske forretningsmenn og konene deira engelsk, eg brukte studielånet på dop og budde på ein hems under taket hos nokon eg kjenner. Eg budde liksom i ei skuffe der det ikkje var muleg å reise seg, ein brevsprekk. Der inne var eg heilt euforisk, åt ostepop og speed i to og ei halv veke til heile greia var skriven. (…)»

Intervjuaren, Anna Kleiva, tar tråden vidare, men er berre oppteken av at boka er skriven i ein såkalt «frenetisk tilstand» med mykje «kommunikasjon», ei omskriving av det å vere dopa på narkotika, ser det ut til for meg. Og ho kjem heller ikkje inn på denne spesielle måten å skrive dikt på andre plassar i den norske utgåva, utover det generelle å rose «ein kultklassikar» i amerikansk samtidpoesi. Dette er ikkje etisk og langt ifrå det å vere sjølvkritisk og «tilstå alt». No kjem altså speed som skrivehjelp for å ha mykje på hjartet og hjelp mot skrivesperre? Nei takk! På slutten av etterordet konkluderer Kleiva med at forfattarskapen til Ariana Reines, det at Reines viser fram «menneska og kjærleiken på omskifteleg vis» røper «ei etisk merksemd». Kanskje det er rett. Men Kleiva sjølv går utanom det etiske.