|
Skjergarden
Tirsdag 20. Desember 2005 |
|
|
Snøen ligg kvit i solskinet. Men det er skjergarden i Kragerø det skal handle om. For det finst eit mangfald i skjergarden, eit mangfald som skal visast på Stopp En Halv 30.desember, med rock og jazz og dikt og visesong. Dette er eit mottiltak mot trugsmål mot skjergardsskolane i riket.
Det er slike utfordringar ein får. Og når deltakinga er meir klår i detalj, skal eg liste dei opp, alle... Mange unge fødde i Kragerø går på skole ute og jobbar ute, men kjem heim til Kragerø i jula og i påska. Det er tradisjon for det. Når eg skriv dette, tenkjer eg på den faste busetnaden og dei nye straumdraga i dag mellom yngre menneske og distrikta i landet.
Ps 29.desember: I morgon (fredag) på Stopp En Halv kl 14 skjer «En pris til det yrende livet i Kragerøs vakre Skjærgård». Henriette Westhrin innleier. Deretter barnegruppa på Tåtøy, deretter Roy Åge Johannesen med venner, Kim Eikenes med band. Kjetil Valldal syng. Tor Einar Rogn og Stine Barland Thorsen kjem (dei er elevar ved «Paul McCartney-skolen» i Liverpool, på tredje året). Poetar som er med, er Olaf Lundheim, Bente Betin og Helge Rykkja.
|
|
|
|
|
|