Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2015

Ordkalotten
Tirsdag 29.

Ein kultklassikar
Tirsdag 29.

Diktkammeret held fram
Søndag 27.

Paven og Cuba
Søndag 20.

Mest populære politikar
Fredag 18.

Heimekontor i gravferda
Søndag 13.

Grense på grense
Tirsdag 8.

Schrattenholz si Atlaspunkt
Fredag 4.

Litteratur og ytringsfridom
Onsdag 2.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Tirsdag 1.

Fredag 18. September 2015

Mest populære politikar

I kommunevalkampen i år har eg vore meir opptatt med riks-politikken, også slik han har falda seg ut i kommunefloraen og i landsdelar. Og eg har tenkt på korleis kan regjeringspartia i det lange løp gå imot folkemeininga og vitskapelege undersøkingar. Lokalt i Kragerø kommune, der eg er listefyll, har vi tidleg visst at Arbeidarpartiet og Raudt ville gjere det godt og ta over styringa av kommunen etter dei blåblå sitt fall. Så gjekk valet også over all forventning. Raudt blei det nest største partiet lokalt, med 16,4 % av røystene i valet. Og sjefen Charlotte Therkelsen Sætersdal blei
mest populære politikar
(over partigrensene) i heileTelemark fylke.



Det som meir enn noko avgjorde dei borgarlege her sitt fall i valet, var skolesaka, dei borgarlege sine skolesamanslåingar lokalt. Her er ein artikkel med noko av opptakten, dvs dette som skjedde i 2012.

Eit anna viktig kampavsnitt for Rødt i Kragerø har vore å halde på opparbeida arbeidsmiljølov og å unngå privatsering gjennom konkurranseutsetjing. Her kjem ein lokal debatt om konkurranse-utsetjing, der NHO blanda seg inn (i 2010).