Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2015

Ordkalotten
Tirsdag 29.

Ein kultklassikar
Tirsdag 29.

Diktkammeret held fram
Søndag 27.

Paven og Cuba
Søndag 20.

Mest populære politikar
Fredag 18.

Heimekontor i gravferda
Søndag 13.

Grense på grense
Tirsdag 8.

Schrattenholz si Atlaspunkt
Fredag 4.

Litteratur og ytringsfridom
Onsdag 2.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Tirsdag 1.

Søndag 13. September 2015

Heimekontor i gravferda

Poeten og komikaren frå Voss og norsk litteratur, Jon Hjørnevik, er tilbake igjen med ei ny diktbok, Heimekontor i gravferda. Dette er blitt ei ny slåande og nådelaus samfunnsskildring, som byr på både gråt og latter, der ikkje minst sjølvironien til eg-personen i dikta feirar. Boka opnar med diktet «Ein dårleg dag». Diktet gir omgrepet «ein dårleg dag» det eigentlege og riktige innhaldet, kanskje:

Eg er steike forbanna,
eg er småtrøytt og sur,
eg vil skjella deg ut,
no står du for tur.

Mine tankar er rotne,
eg er full i drit,
eg opnar kjeften,
og ut kjem det skit.

Eg er tungt irritert,
det lyser av meg,
mitt frukostsinne
går da ut over deg.

Det tyt ut ei smørje
av skit frå min munn,
men ikkje tru det
er heilt utan grunn.

Eg likar deg ikkje,
så eg passar på,
ein dårleg dag,
ja, det skal du få.



Her skal eg vere kort, enn så lenge iallfall. Det er gått fire år sidan den førre boka til Hjørnevik, Flukta frå rekkjehuset, kom ut. Ein god del som eg skreiv om denne boka, da, detaljar og slikt, gjeld også for boka i år, Heimkontor i gravferda, som eg har lese rett igjennom fleire gongar alt. Og inntrykket er også no utan tvil det gode.



Ps 23/9-2015:

Sjå programmet for Nynorske litteraturdagar helga 30. oktober – 1.november. Dette er klårt og lagt ut no. Jon Hjørnevik er med.