Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2015

Ordkalotten
Tirsdag 29.

Ein kultklassikar
Tirsdag 29.

Diktkammeret held fram
Søndag 27.

Paven og Cuba
Søndag 20.

Mest populære politikar
Fredag 18.

Heimekontor i gravferda
Søndag 13.

Grense på grense
Tirsdag 8.

Schrattenholz si Atlaspunkt
Fredag 4.

Litteratur og ytringsfridom
Onsdag 2.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Tirsdag 1.

Tirsdag 8. September 2015

Grense på grense

Den ville flyktningstraumen frå aust og sør snur kanskje opp ned på tenkjemåtar i Europa.


Piggtråd


Passerte grense på grense
passerte hav
passerte grense på grense
Det er ikkje grenser
ville til Tyskland
kom ikkje fram
må tøye seg, tøye seg
vi er flyktningar
berre det såre livet igjen
utan grenser




Mange rundt forbi vil hjelpe. Hjelpeorganisasjonane er viktige no, t.d Leger Utan Grenser. Organisasjonen har søk- og redningsbåten Bourbon Argos i Middelhavet pluss to redningsbåtar til, i det verste området.




__________________
Ps 17. september 2015:

Diktet over skreiv seg (det skreiv seg sjølv) for nokre veker sidan. Og diktet mitt hadde vel også ei kjensle av at flyktningestraumen til Europa (og Tyskland ikkje minst) ikkje kom til å gå så uhindra som det iallfall ei kort tid såg ut til å gå. Derfor er det vel at diktet skriv lina: «kom ikkje fram», rett etter lina «ville til Tyskland». Etterpå er eg blitt enda sikrare på denne delen av diktet… Diktet mitt var elles ikkje noko valkampdikt. (Etterpå har vi sett både at det har komme fram eit hjartelag for flyktningar, særleg Syria-flyktningane, i fleire europeiske land og at dei to samarbeidande blåblå partia i landet gjekk på sviande nederlag i kommunevalkampen.)

Ein annan ting er: Har Noreg noka skuld i den syriske flyktninge-katastrofen? Ja, meiner Øyvind Andresen.