Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Sep 2015

Ordkalotten
Tirsdag 29.

Ein kultklassikar
Tirsdag 29.

Diktkammeret held fram
Søndag 27.

Paven og Cuba
Søndag 20.

Mest populære politikar
Fredag 18.

Heimekontor i gravferda
Søndag 13.

Grense på grense
Tirsdag 8.

Schrattenholz si Atlaspunkt
Fredag 4.

Litteratur og ytringsfridom
Onsdag 2.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Tirsdag 1.

Tirsdag 1. September 2015

Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Det er hundre år sidan den norske forfattaren Ingebjørg Kasin Sandsdalen blei fødd i Seljord. Og ho blir hugsa ved eit særskilt arrangement på Sitt Ned Kunst & Kafe i Skien i morgon (onsdag) kl 19.00. Arrangørar er Diktets Venner og Mållaget Dag.

Publikum får foredrag ved høgskolelektor Sigrid Aksnes Stykket og diktlesing ved Oddmund Haugen. Ein oktett frå Skiens Mannssang-forening syng tonsette dikt... Her vel eg ut eit kjend dikt av Kasin Sandsdalen, med tittelen «Som ei steinkrukke»:


Kva gjer menneskja
med morgonen sin
når dei stegar
over svevnens dørstokk?

Slår dei han under bordet
som ein uroleg hund?
Sopar dei han ut døra
etter natteskuggen?

Fireogseksti korn
har byggakset,
åtte rader i akset
og åtte korn i rada.

Dagen har sine timar.
Eg set tanken min
under den rennande tid
som ei steinkrukke
under takskjegget.



Arrangementet i morgon er starten på Diktets Venner si program-rekkje, som knyter opp onsdagane fremst i månaden: Onsdag 7. oktober tar Ragnar Sør Olsen føre seg «Olav Flatastøyl i ord og tonar». Onsdag 4. november kjem lyrikaren Aina Villanger (frå Skien) og elevar ved Skien kulturskole. Så: På julemøtet onsdag 2. desember blir det allsong og ønskedikt, og Hans Arild Høimyr ved pianoet.