Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2015

Bjørnson og Snowden
Mandag 31.

Sinnemeistring
Onsdag 26.

Litteraturdagane
Mandag 24.

Farmor er hippie
Torsdag 20.

Littkritikk
Fredag 14.

Framgang og vekst?
Tirsdag 11.

Uran
Mandag 10.

Folk
Torsdag 6.

Førpremierer
Lørdag 1.

Torsdag 20. August 2015

Farmor er hippie

Barnedikt for vaksne? Jo, det kan nok skje; for Målfrid J. Frahm Jensen kjem med ei illustrert bok som poeten nemner «Barnedikt for vaksne». Illustrert av Per Dybvig. La oss byrje med byrjinga. Under tener det siterte diktet som presentasjon av hovudpersonen, «farmor», i boka. Desse siterte orda er det første diktet, opnings-diktet, som dertil er nettopp titteldikt, «Farmor er hippie»:

farmor er hippie
nei, ønsker hun var
hun elsker mange, men mest bestefar

hun tegner et tegn
make love, not war
spiller luftgitar med blomster i hår

kjole som flagrer
kropp som er naken
takker min Gud, jeg ser ikke baken

hun plukker sin sopp
koker pussig te
og ser mot månen, en ost faller ned

osten må lagres
en jarsberg, se her!
musene danser, de ser hvor den er

så hviler hun seg
på moskusskinnfell
som savner sin kjærest på Dovrefjell

moskusskinnfellen
sensommer og vin
kvelden er sliten, men farmor er fin

jeg elsker farmor
og klassisk gitar
blomster og bier, og tippoldefar


Den som er «eg» i dikta, ser vekselsvis opp til «farmor», vekselsvis elskar «farmor». Og vi får å gjere med ei kollektiv familieverd, der «eg» ofte kan vere barnebarn av «farmor», men av og til kanskje svigerdotter av «farmor» eller vere andre i familien. Og det vil seie ulik alder på personar som har synsvinkelen i dikta.

Tidlegare på denne nettstaden har eg vore inne på å lese feminisme i dikt. Diktet over, saman med andre dikt i Frahm Jensens bok, ber om å bli høyrde i høve til feminisme, særleg via det demonstrative kjønnsrolle-brotet hos farmor. Og figuren «grandmoster» kjem inn i dikta frå dikt nr 2 og er med på notane i det vidare. Farmor ønsker iallfall å vere ein type hippie - eller ein slags bohem - eller ho skal berre prøve ut noko som skil seg tydeleg frå mest vanlege.

Meir eller mindre feministiske val kan vere: kvinnesakskvinne eller eit meir personleg opprør eller delta i ein typisk felles aksjon, eller satse på måten det ser ut frå ei av dei svært saksretta organiserte grupppene? Boka stiller spørsmål. Boka fortel. Og «barnedikt for vaksne» er ein viktig undertittel for å setje dikta i denne boka i rett kontekst.

Dikta har eit godt diktarleg overskot og byggjer på ein bra basis av kommuniserte idéar. Til det diktarlege overskotet høyrer ei dyktig rytmehandsaming og sprettent tilfang av ord, inklusive rimord. Ifølgje baksideopplysningar skal Farmor er hippie (frå i år) vere «ulikt alt anna forfattaren har utgjeve». Forfattaren er samstundes aktiv på fleire felt og er relativt produktiv. Frahm Jensen har no gjeve ut si sjette diktsamling eller diktbok. Iallfall kan poeten vere ganske så stolt av boka i år, tykkjer eg. Lesaren kan vente seg ei morosam diktbok for mange, med realisme og problem innafor draumane og skildringane... Eit fargerikt og utfordrande portrett av ei kvinne. Dessutan har norsk poesi noko å lære av overskotet i denne poesiboka.



___________
Den historiske hippie-rørsla var ei amerikansk protestrørsle som voks fram på midten av 1960-åra... Farmora i diktboka er også inspirert av punkrørsla ti år seinare, det at musikk og kultur kunne komme nedanifrå.