Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2015

Bjørnson og Snowden
Mandag 31.

Sinnemeistring
Onsdag 26.

Litteraturdagane
Mandag 24.

Farmor er hippie
Torsdag 20.

Littkritikk
Fredag 14.

Framgang og vekst?
Tirsdag 11.

Uran
Mandag 10.

Folk
Torsdag 6.

Førpremierer
Lørdag 1.

Fredag 14. August 2015

Littkritikk

Dagspressa syner minkande interesse for litteraturkritikk. Dette har derpå vekt motstand og heilt nye tiltak frå litteraturinteresserte med støtte frå institusjonar. No er ein uavhengig nettstad på trappene med lansering 1. september, tenkt som eit supplement og alternativ til dagspressa: littkritikk.no. Nettstaden har søkt og fått støtte frå Fritt Ord.

Dagleg leiar er Brynjulf Jung Tjønn. Når denne nye nettstaden skal fylle hol som dagspressa ikkje dekkjer, konsentrerer ein seg særleg om å skrive om debutantane.

Knut Olav Åmås i Fritt Ord fortel, ifølgje Klassekampen 13. august, at Fritt Ord får fleire og fleire oppmodingar frå (sitat:) «aktørar som ønskjer å starte nye uavhengige kritikkstader».


I tilknytnad til dette må eg minne om ei anna hending, ei hending for nokre månader sidan som sikkert har fått ein ball til å rulle:

At noko må skje, vitna også eit seminar på Lillehammer i mai om, eit seminar som dreide seg om manglande omtale av den nye norske lyrikken. Eit kritikarseminar endte med openhjerige utsegner om tilstanden for lyrikken i landet. Kritikaren Cathrine Strøm laga eit referat, som kom i form av ein heilsides kommentar i Klassekampen 27. juni (Bokmagasinet). Temaet på seminaret blei marginalisering av lyrikken når kritikaren er bortimot taus omkring lyrikken som kjem - og media ikkje blir brukte. Innleiaren på seminaret, poeten Gunnar Werness, hevda at også «slapp kritikk» av lyrikken er betre no enn denne togna, dette tause rundt nye lyrikkbøker.

Vel. Slik las eg hovudpunkt i Strøm sin resymerande kommentar til debatten:
1. Poetane sjølve må ta ansvaret for marginaliseringa av ny lyrikk, blei det sagt på seminaret. No når poetane ikkje lenger melder poesi! Personleg hadde Gunnar Werness ikkje lenger råd til å skrive om lyrikken, opplyste han forsamlinga om.

Poetane i dag må setje seg inn i «korleis det litterære krinslaupet fungerer», meinte Audun Lindholm, som er redaktør for tidsskriftet Vagant. Han sa at poeten Jan Erik Vold si bok frå 1975, Entusiastiske essays (som er komme i seinare opplag), kunne vere «ei passande innføring» for poetane (ifølgje Strøm). Dette er nok i og for seg eit godt råd.

2. Men kva så med kritikarane sjølve? Ikkje dei heller skriv om lyrikk. (Kva med Audun Lindholm sjølv og tidsskriftet hans, spør eg. Kva gjer tidsskriftet Vagant, som blir rekna for Nordens største tidsskrift i sin sjanger?) Strøm refererer frå seminaret at kritikarane må stå på overfor redaktøren for å få skapt ein større plass til lyrikkomtale. Er poesien dømd til å tape for «profitt-maksimering og klikk-vennlegheit»? (Uttrykka er Cathrine Strøm sine, og ho helte vel imot å svare ja på spørsmålet om poesien er dømd til å tape.)
På seminaret i Lillehammer kom det dertil fram ei viss personleg redsle frå kritikarar for å skrive om lyrikk, noko som var til dels overraskande å møte. Interessant å få høyre no iallfall, tykkjer eg. Men ingen kritikar på seminaret blei nemnde med namn av Strøm, (heller ikkje) med dette interessante og truleg gode og uttømmande referatet. Diskusjonen må halde fram, tydelegvis.



Tilbake til den nye nettstaden for kritikk: Ei lyrikkbok som blir meldt på Littkritikk 1. september, er Maria Dorothea Schrattenholz sin debut Atlaspunkt.