Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2015

Bjørnson og Snowden
Mandag 31.

Sinnemeistring
Onsdag 26.

Litteraturdagane
Mandag 24.

Farmor er hippie
Torsdag 20.

Littkritikk
Fredag 14.

Framgang og vekst?
Tirsdag 11.

Uran
Mandag 10.

Folk
Torsdag 6.

Førpremierer
Lørdag 1.

Mandag 10. August 2015

Uran

I går, på dagen for atombomba over byen Nagasaki, las eg i ei diktbok av Turid Høvin, ei bok som byrjar avdelinga om uran slik (s 29):



stadig tildekket stadig skjulte svar gir dunkle hentydninger samme
drivverdige sessurser som før blir frigjort ved detonasjon
like ofte ved utarming der jeg står lyttende
hører jeg at himmelen er tom




Diktet i boka er midtstilt (ikkje slik som over), og har dermed ein slags «spegelvend» tekst. Ja, alle dikta har midtstilt tekst, noko eg her på nettet må vike frå, dessverre, i eksemplet. Boka er strukturert etter metall. Før avdelinga om URAN står:

«sannhetens legering»
«jernets lengsel»

Etter avdelinga om URAN byr boka så på (metall)avdelingane:

«blyets hemmeligheter»
«taushetens silisium»
«kvikksølvets kreativitet»
«samfunnets magnesium»
«retorikkens metall» (som er avslutninga)

Den tvetydige tittelen Det periodiske system Metallene synger pryder boka, som kom i sal 2014. Det periodiske system er, slik vi lærte på skolen, oppstillinga av alle grunnstoffa i verda (dvs grunnstoff som vi hittil kjenner til). Talet er passert hundre. Ein mindre, men viktig, del av grunnstoffa er metall. Ikkje minst dei metalla som Turid Høvin er innom med si nye vinkling, er viktige. Personleg skulle eg ønske at fleire poetar prøver seg på tankar om tilveret ut ifrå nye vitskaplege funn i fysikk og kjemi og biologi og terpar mindre (og mindre uklårt) på religiøse tekstar frå den lange fortida vår eller annan teori som skil oss menneske frå kvarandre. For bibelpraksisen til poetane i Noreg gjer neppe det motsette - .