Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2015

Bjørnson og Snowden
Mandag 31.

Sinnemeistring
Onsdag 26.

Litteraturdagane
Mandag 24.

Farmor er hippie
Torsdag 20.

Littkritikk
Fredag 14.

Framgang og vekst?
Tirsdag 11.

Uran
Mandag 10.

Folk
Torsdag 6.

Førpremierer
Lørdag 1.

Torsdag 6. August 2015

Folk

Den greske poeten - og politikaren - Jannis Ritsos (1909-1990) er blitt gjendikta til norsk med eit heilt og komplett verk, det er Vitneutsegner. På norsk utgjeve 2014. Og herifrå (s 26) låner eg diktet «Arkitekten»:



Ein sverm jenter i blomstrete klede
ler der borte på hjørnet ved det nedrivne huset. Murarane
hengjer bukse og skjorte på ein spikar i nybygget,
tek mørtel og skei og kliv opp
det store, blanke stilaset, som om dei steig inn i himmelen.
Arkitekten
reknar ut, ser etter, samanliknar, kontrollerer,
synest temmeleg mørkhuga, som om planen hans vart ståande
uferdig,
som om han aldri skulle få fullført det store byggverket. Han tek
ein spikar
og slår han sjølv i fjøla. Spikaren bøygde seg.
Arbeidarane lo. Han òg lo. Han drog av seg skjorta,
av di han merka: I denne låtten fullførte dei seg,
hans hender, hans plan, deira bygging.




Diktet verkar bra forteljande, slik mange av dikta i Vitneutsegner verkar. Det er folk i dikta. Diktet over får mellom andre murarane og «ein sverm jenter» hit. Arkitekten dreg skjorta av seg og blir meire naken. Dette å kle av seg og bli meire naken i livet er også eit felles trekk ved dikt i boka.

Eg kjenner ikkje originalen eller andre gjendiktingar (noko eg sjeldan gjer ved nye gjendiktingar til norsk). Gjendiktaren her er Arve Brunvoll. Han forklårer, i eit greit etterord, korleis han har gått fram. Dikta skreiv Jannis Ritsos mellom 1957 og 1967, men dei er altså utgjevne i ettertid som bokverk i tre omgangar.

Ritsos har sitt stoff og sin stil i verket, ein merkar at han står nær folk, sjølv om han har sin eigen vinkel på opplevingane. Han sto også nær Hellas si konkrete soge, utan at lesaren av boka treng tenkje altfor mykje på den dramatiske soga. Og heller ikkje Ritsos si harde personlege livssoge, alt frå barndommen og ungdommen av, treng ein absolutt få mykje med seg av. I vaksenlivet blei Ritsos i periodar forfylgd, internert og putta i straffeleir eller sett i det ein kallar «husarrest». Dette var reint politisk.




Vedheng

Gravsong-orda under har du kanskje høyrt med Sven Bertil Taube si (yngre) røyst? innspeling frå 1974. Dette er Ritsos i Lars Forsell-gjendikting. Kanskje høyrer du, oppatt, komponisten Theodorakis sine melodi-tonar eller rytmar gjennom teksten (her byrjinga:)


En urna är min arma sjel
och askan är min kära
och solen är en blygrå sten
en slocknad klump av tjära

Folket går förbi. Barn går förbi.
Soldater som tågar taktfast
Vad rör dom mej? Vad rör jag dom?
Min stackars son har slaktats

(…)