Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2015

Fiolette stammer
Torsdag 30.

Skåtøy Vise og Poesifestival
Torsdag 16.

Eit sår som ikkje gror
Mandag 13.

Øverland og trosten
Lørdag 11.

Å overdrive estetisering
Mandag 6.

Folkerøysting i Hellas
Søndag 5.

Guillaume Apollinaire
Søndag 5.

Mandag 6. Juli 2015

Å overdrive estetisering

I siste nummer av Vagant likte eg kunsten/ dvs. illustrasjonane, t.d dei til teksten i Anne Helene Guddals artikkel «Krigens slutt». For fotografia frå frigjeringa av konsentrasjonsleirane og fotografia av dei tiltalte i «Nürnbergprosessane» er haldne på riktig armlengdes avstand. Og slik får ein lyst til å lese artikkelen til Guddal. Generelt kan eg som lesar og tingar av Vagant meine at kunst/ illustrasjonar i tidsskriftet nok kan lide av ein mote (for ikkje seie mangel i tida), noko som eg vil kalle overestetisering av foto og biletkunst. Alle foto i media og all kunst vil ha ei estetisk side, det kjem oftast av seg sjølv; men altfor mykje kluss med motivet tar bort poenga ved motivet. Kluss skjer ikkje i dei aller fleste illustrasjonane i Vagant nr 2 2015. Utvalde gamle og nye foto til delar av Oslo (Sjursøya) i essayet til Henning Hagerup kalt «Den kritiske nostalgi» er, må eg seie, svært opplysande.

Vagant nr 2 2015, som eg tilrår her, har ein god leiarartikkel (side 5). Artikkelen er ei forstandig og klår oppsummering (ikkje blitt altfor lang) av tverrnordisk (Vagants uttrykk) debattkultur etter krigen... Det må eg nemne her som eit sterkt innslag i byrjinga av nummeret.

Det går ein debatt om kvinnerepresentasjon, sist følgd opp av Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampen 27/6-2015 (i avisa sitt Bokmagasin). Der såg eg at også tidsskrifta Vinduet og Vagant blei tatt med som det eg vil kalle mannsdominerte bastionar pr no. Dette skulle la seg gjere å endre på for Vagants Audun Lindholm & co. Også når det gjeld andre media, vil nemnde forkludrande estetisering av viktige og kvardagslege tema i vår verd skape meir klein mannsdominanse i kunst og litteratur.

Og hugs: Begge tidsskrifta Vinduet og Vagant er store og forlags-forsørga litterære tidsskrift i nordisk samanheng.




Vagant finst med eigne oppsummeringar på nett: Vagant Norden og
Vagants nyhetsbrev.





Ps 15/7-2015:
Meir om noko som går føre seg: kjønnsuballanse.