Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2015

Lyrikkfestival -
Mandag 29.

Gjennom media
Lørdag 27.

Filosofar og forskarar
Fredag 26.

Fugleliv
Søndag 14.

E-poesi i Argentina og Bergen
Onsdag 10.

Nettstaden gjekk i svart
Onsdag 10.

Framføre Stortinget
Tirsdag 2.

Mandag 29. Juni 2015

Lyrikkfestival -

Det er ikkje mange lyrikkfestivalar i sommar. Men her er den årlege Skåtøy Vise- og Poesifestival. Skåtøy i Kragerø 16. til 18. juli.




Ps 1/7

Som det går fram av programmet: På Skåtøy vise- og lyrikkfestival der er Jan Erik Vold denne gongen ein klår gjennomgangsfigur dei tre dagane. Eg seier denne gongen fordi han har vore på festivalen fleire turningar tidlegare. Han skal ta showet sitt med Terje Vigen-song (med Knut Reiersrud). Og ein komponist - Ellen Bødtker - har laga musikk til fleire av dikta hans. Eit tingingsverk frå festivalen er dette! Den mellomste dagen blir det Vold med Egil Kapstad til, eit samarbeid mange kjenner til. Egil Kapstad har forresten budd fleire år i Kragerø tidlegare. Og merk: elles har Jan Erik Vold fått ei sterk stilling no i debatten om å skrive om litteratur, særleg det å skrive om dikt. Folk i debatt held fram Entuastiske essays, samla i 1975.

Der bode en underlig gråsprængt en
på den yderste nøgne ø; -

Starten på Ibsens Terje Vigen, og her er heile diktet med Christian Kroghs illustrasjonar .