Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Poesitid slutt?
  Tirsdag 29. November 2005
Nrk vil leggje ned sitt eige poesiprogram, der poeten får samtalt med programleiaren og også får lesi mange dikt i løpe av ein halvtimes tid. Ragnar Hovland i Dag og Tid meiner programmet og dei 60 000 lyttarane fortener sin plass framleis, og han oppfordrar til protestar mot vedtaket Nrk har gjort. Denne nettstaden støttar oppfordringa.

I april og juni var eg på Nrk, april i Ordfront og juni i Poesitid. Sjølv hadde eg glede av å komme på lufta med kva eg står for i poesien.

Nrk treng eit fast poesiprogram, meiner eg, og det er gali å leggje ned Poesitid når ein ikkje har noko anna å setje i staden.

*

Ei heilt anna sak er at november er blitt poesimånaden både når det gjeld søk etter dikt på verkedagar og søk helgedagar... Og nettstaden min no har nesten 30 besøkjarar pr døgn, medan det gjennomsnittlege talet på lesne sider pr døgn er i overkant av 120. Dette får eg enkelt ut av teljeapparatet, sjå opplysningar om søkjeorda.

Desse tala synest eg er oppmuntrande for meg og for poesien. Men tenkj likevel på kor mange 60 000 er, alle lydarane til kvart Poesitid-program.

*

Ps 29.desember: I dag og søndag går det siste Poesitid på lufta, med Steinar Opstad... Det er blitt sagt at økonomiske grunnar har stansa programposten Poesitid, at forhandlingane i Nrk om honorar til poetane velta framtida for Poesitid.


Nytt Nov 2005:

Poesitid slutt?
Tirsdag 29.

Dans i fokus
Lørdag 26.

Språkhumanisme?
Torsdag 17.

Aksjonar for kontraktane?
Torsdag 17.

Slampoetane
Tirsdag 1.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn