Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2015

Med og om André Bjerke
Søndag 31.

Lar det enkle fortelle
Fredag 29.

Ord og musikk (og verd)
Tirsdag 26.

Kan det vere sant
Mandag 25.

Ein festival med alt
Tirsdag 19.

Mehren jubilerar
Lørdag 16.

Ottefull
Tirsdag 12.

Maidagen
Søndag 3.

Fredag 29. Mai 2015

Lar det enkle fortelle

I si diktbok mest for ungdom lar Hanne Bramnes det enkle fortelle. Hanne Bramnes, som er skatta for gode dikt for ungdom og gode dikt om kjærleik, ho let omgjevnaden vere det skrinne desember, og dikta følgjer på ein måte dag for dag denne månaden utandørs, i naturen. Boka har fått tittelen Vintersong. Ei bok om desember, og eg har fått tak i boka, som har venteliste på det lokale biblioteket. Dei første dikta i boka les eg som aleinegang i naturen, men etter om lag ei veke dukkar «Vi» opp, slik:

Vi går ute i den grøne
desemberskogen, finn kvite steinar

som vi slår mot kvarandre
så det gneistar!


Dikta i boka er såpass korte av ord. Dette som skjer i diktboka, blir ei slags naturskildring heilt fram til 31/12 utan snømengder, om nokon saknar «vinter og snø» (eventuelt ved hjelp av fjellturar). Forfattaren har vald seg illustrerande teikningar av tilsvarande liv. Teikningar laga av Laurie Clark, med enkle, men også detaljrike motiv, til dømes ein fugl på vingar (for å gje eit døme på kva eg meiner). Nordsjøforlaget står bak utgjevinga av ungdomsboka. Og hovudordet i tittelen var altså: «Vintersong».