Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2015

Med og om André Bjerke
Søndag 31.

Lar det enkle fortelle
Fredag 29.

Ord og musikk (og verd)
Tirsdag 26.

Kan det vere sant
Mandag 25.

Ein festival med alt
Tirsdag 19.

Mehren jubilerar
Lørdag 16.

Ottefull
Tirsdag 12.

Maidagen
Søndag 3.

Tirsdag 19. Mai 2015

Ein festival med alt

Ein av dei største litteraturfestivalane i Norden, somme seier den aller største, står for døra til veka. Det er Norsk litteraturfestival på Lillehammar. I denne festivalen er bakt inn både tradisjonen frå Nansenskolen og frå Sigrid Undsets ettermæle. Litteraturfestivalen plar bringe flust med inspirerande internasjonale gjester. Eg må også nemne det store nasjonale museet Maihaugen i byen. Festival såvel som by har gode opplevingar. Ved eit festivalbesøk (i ein festival som no fyller 20 år) trur eg det er lett å få seg nye venner.

Men det er også kanskje enkelt å gå seg litt vill i tilbodet av mange alternative litterære arrangement og andre freistande aktivitetar (eg skal ikkje nemne dei alle her). Derfor må det gjerne til eit personleg utval av arrangement for deg, trur eg. Men her er heile programmet frå tirsdag 26/5 til søndag 31/5.

Også poetane er også med på laget. Her vel eg ut dei poetane som eg dei aller siste åra har sitert dikt frå. Desse er:
Asieh Amini
Gro Dahle
Anne Helene Guddal
Geir Gulliksen
Ruth Lillegraven
Ove Røsbak
Arne Hugo Stølan
Jan Erik Vold (gjendikta Lawrence Ferlinghetti)


xxx