Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2015

Med og om André Bjerke
Søndag 31.

Lar det enkle fortelle
Fredag 29.

Ord og musikk (og verd)
Tirsdag 26.

Kan det vere sant
Mandag 25.

Ein festival med alt
Tirsdag 19.

Mehren jubilerar
Lørdag 16.

Ottefull
Tirsdag 12.

Maidagen
Søndag 3.

Lørdag 16. Mai 2015

Mehren jubilerar

Av dei litt eldre enn meg var Stein Mehren, Yngvar Ustvedt og Martin Nag nesten dei einaste av litteratane som godtok meg i dei to første bøkene mine, BOK og Poesi... Og korkje da eller seinare har eg hatt noko å seie heller på Mehrens eiga dikting, som var frisk på 1960-talet likesåvel som dei seinaste tiåra. Her litt om Mehrens samling Ordre, frå 2008. Det er denne poeten som no fyller 80.

For ikkje så mange år sidan skreiv Stein Mehren eit inspirerande dikt om klassane, noko som fekk meg til å forfatte følgjande dikt om poeten:


poeten Mehren



Hua-hei - Mehrens linjer om arbeidar-
klassen er rett. Dei passar
på henne som eg var heldig med.

S. Mehren frå middelklassen har
gjort det marxistane ikkje klarte.
Han. Og hadde Mehren vori fransk, ville
dei franske brukt dagsrevy på diktet.

Ein poet i Oslo som er filosof - ?
Hua-hei - når amerikanarane let
nasjonalbiblioteket i Bagdad brenne
dag etter dag

er det fritt å kunne helse
og spesielt her i Noreg
til songen på andre sider