Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2015

Med og om André Bjerke
Søndag 31.

Lar det enkle fortelle
Fredag 29.

Ord og musikk (og verd)
Tirsdag 26.

Kan det vere sant
Mandag 25.

Ein festival med alt
Tirsdag 19.

Mehren jubilerar
Lørdag 16.

Ottefull
Tirsdag 12.

Maidagen
Søndag 3.

Søndag 3. Mai 2015

Maidagen

Humla gjer jobben i treet. Naboen har hatt vårfesten sin. Arbeidar-dagen med talar og tog og ønske om ny regjering er arrangert.

Korleis er det med verda? Er det ikkje blitt slik at vi har nokre stormakter, meiner eg, særleg USA, EU, Russland og Kina, som alle jobbar først og fremst for sine eigne interesser, det vil seie for dei rikaste og mektigaste i sine land eller sin verdsdel. Dei har lite tankar for anna enn dette, men likevel forklårer dei frå talarstolane dette som dei gjer, som den reine misjonen, medan dei rustar opp militært og herjar vidare. Små land og små stader må tenkje sjølve.



ei verd for rikingar

ei verd for vikingar
og for nokre av oss fattige små

ei verd for rikingar, ei verd for vikingar

Men ikkje for fattige små