| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Mai 2004
Rytme -
Lørdag 15.
Opne dører?
Lørdag 15.
1960-åra inne igjen?
Fredag 14.
Slutningar til knes
Onsdag 5.
Lørdag 15. Mai 2004
Opne dører?
Ole Karlsen ser ut til å velje Alf Prøysen som poet for det neste Flisa-seminaret, altså våren 2005. Dette er ikkje eit dårleg val. Eg meiner Alf Prøysen konkurrerer med Inger Hagerup og Haldis Moren Vesaas og Marie Takvam om dei fleste og beste norske kvinnedikta. Han er den store rytmiske fornyaren i metrisk lyrikk - etter Bjørnson og Wildenvey og Rudolf Nilsen, meiner eg (ut frå ei hovudoppgåve eg gjorde); og dette rytmiske nybrottsarbeidet er ikkje påakta. Dessutan: Kven har skrivi betre og meir om sjarmøren, ei av hovudrollene i kjærleiken? I «Den store lyrikkboken» (1998) er han likevel blant dei aller minst representerte poetane. Av 75 poetar etter 1814... Det er både opne og låste dører ved poeten Alf Prøysen..