Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2015

Bøker i Bø
Tirsdag 28.

Vise-poesi
Onsdag 22.

Vatn, vatn
Tirsdag 21.

Fuglar i livet
Onsdag 15.

Tåka i april
Fredag 10.

Helge Rykkja i heilfigur
Onsdag 8.

Fredag 10. April 2015

Tåka i april

Dagen kan vere klår sikt, dagen kan klårne. Natta kan vere full
av tåke som varer langt ut på neste dag. Slik kom niande april,
men da glei tåka vekk for fort. Nazistane var avhengige av å
komme heller overraskande. Natur og våpen. Det var på nippen.
Alle slags planar og rykte svirra i lufta. Holmane låg innhylla i
tåke, skipsleia utanfor Jomfruland kunne ikkje eingong anast frå
land, på den tida køyrde dei med hest i fjæra. Dagen kan vere klår
sikt, dagen kan klårne. Natta kan vere full av tåke som varer ut
på neste dag, slik som nesten på niande april for Oscarsborg



Vel.
Dette diktet mitt over skulle eg eigentleg ha lese for to dagar sidan i Skien, der eg fekk lese mykje. Men det blei trongt om tid på slutten pga teknisk svikt i fem minutt. Derfor tar eg diktet her, til å minne om dei 75 åra som er gått sidan 9. april... Eg kan samstundes sitere ein bit frå Otto Nilsens klassiske vise om nynazismen:

---

Blücher ligger på bunn
av det trange Drøbaksund,
men nå er´n visst våknet av sin blund
ved en yngre slektning som
til sin unghird roper: Kom!
He is dead, but he won´t lie down.

---