Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2015

Aforismar eller korte dikt
Fredag 27.

Diktkammeret
Mandag 23.

Henta sørover
Torsdag 19.

Set i gang!
Tirsdag 17.

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla
Søndag 15.

Satirisk dikt
Fredag 13.

Fri bane?
Onsdag 11.

Mandag 23. Mars 2015

Diktkammeret

er ein mykje brukt nettstad, leia av bl.an Helge Torvund. Gjennom ei rekkje år har han gått i spissen og brukt mykje tid. Somme gonger har lenker lagt ut på Diktkammeret ført til mange treff - og mange lesarar på ein gong – på nettstaden min. Helst lenker til artiklar skrivne av meg om nye diktbøker. Så vi, Diktkammeret og nettstaden min med sin omtale, er i SAME BÅT. Kva har skjedd no? Eg siterer ein bit frå Diktkammeret:
«Dagbladet sparer inn på alle fronter, og har fra 1. desember 2014 lagt ned ungdommenes diktforum Skolekammeret, hvorpå unge poeter ønskes velkommen til å skrive videre i Diktkammeret. Dagbladet har tidligere varslet at også Diktkammeret legges ned 1. april, men har 17. mars garantert at kammeret i alle fall ikke stenges før 1. mai.»
Diktkammeret jobbar med å få til alternativ løysing til Dagbladet, står å lese, og bra er det. I denne tida treng Diktkammeret støtte. Eg ønsker Diktkammeret alt godt og eit evig liv.




Ps: Kven fekk forresten Noregs nasjonale poesipris, Noregs einaste nasjonale poesipris, Trizdan Vindtorns poesipris 2015 i Drammen på laurdag, på dagen som også var verdas poesidag? Jo, det var Gro Dahle. Og dette vekte allmenn spontan applaus i DnF, Den norske Forfattarforeining, som var samla til årsmøte nett på laurdag. Her har eg skrive før om eit Gro Dahle-dikt.

Pussig er: at da «Panina» på diktkammeret googla Gro Dahles dikt om dottera og selja, midt i mars, så kom «Panina» inn på artikkelen min om diktet og la ei lenke til artikkelen ut på Diktkammeret (ei lenke som eg straks såg verknaden av, mange besøk). Omtrent ei veke etter fekk altså Gro Dahle prisen i Drammen. Men korleis det går med Diktkammeret vidare etter 1. april, veit vi altså ikkje, det blir jobba, og di støtte trengst.