Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2015

Aforismar eller korte dikt
Fredag 27.

Diktkammeret
Mandag 23.

Henta sørover
Torsdag 19.

Set i gang!
Tirsdag 17.

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla
Søndag 15.

Satirisk dikt
Fredag 13.

Fri bane?
Onsdag 11.

Tirsdag 17. Mars 2015

Set i gang!

Verdas poesidag er kvar 21. mars. På nettet fanga eg opp denne skildringa av dagen:
Dagen er en anledning til å støtte og hylle poesi, blant annet ved å fokusere på den muntlige tradisjonen i å framføre dikt, å lære om dikt som kunst, å sette søkelys på poesi i samspill med andre kunstformer, å støtte forlag og utgivere av poesi, og å vise fram poesi i media.
Dette er vel ei god utfordring, ikkje minst det å framføre poesi. Og her er mange tips for både poetar og for media, til dømes Nrk.

Slik var oppmodinga frå FN: «UNESCO oppfordrer alle medlems-land, sivilt samfunn, private og offentlige til å feire poesidagen.»


Dermed les eg med ein gong høgt dette strategiske om ikkje altfor kjende diktet av Ivar Aasen (og han har skrive mange svært lenge kjende dikt):

Når du mest må strida
stødt med harm og kvida,
og du tykkjer alt gjeng ut på tjon.
Nettupp då du, nettupp då du,
skal du gjera deg di største von.

Men når stormen kviler
og di lukka smiler,
og du tykkjer allting gjenger best.
Nettupp då du, nettupp då du
skal du vara deg som mest.



(Note: Diktet er sitert etter boka Ivar Aasens beste, Det norske samlaget 1991, i utval ved Olav Hr. Rue.)


Eg fanga opp eit større planlagt arrangement laurdag den 21. mars: Verdas poesidag i Drammens Teater kl 16:00


Tristan Vindtorn poesipris 2015 blir delt ut.

Rosevev, ei poetisk festframsyning av og med Herborg Kråkevik og med ei rekkje medverkande poetar og Odd Nordstoga & anna musikk.

• Oppvarming kl 12 – 15 i Drammens Teater, 4. losjerad:
Med filmframsyning, med samtalar og musikkinnslag.

* I dagane før prisdelinga arrangerer Drammen bibliotek festivalen På fantasiens barrikader.