Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2015

Aforismar eller korte dikt
Fredag 27.

Diktkammeret
Mandag 23.

Henta sørover
Torsdag 19.

Set i gang!
Tirsdag 17.

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla
Søndag 15.

Satirisk dikt
Fredag 13.

Fri bane?
Onsdag 11.

Søndag 15. Mars 2015

Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla

Eg har meir på lager. Streikane med streikeretten vi har, syner seg meiningsfulle og viktige for faget som mange kan ha og har, og for produktiviteten pr tilsett. Når lærarane streika, synte streiken fram innhaldet i faget. Storstreiken i Norwegian syner det sikre i faget og viser til produktiviteten som har vore der i flyselskapet også under fagrørsla sin medverknad. Dei ulike streikane i notida sitt Noreg dreier seg aller mest om å få til ei samla og solidarisk fagrørsle og om velferden i det store og heile. (Det same gjeld dei mindre kjende hamnearbeidarstreikane.)

Fagrørsla let seg lite narre av KS og vil heller ikkje la seg snurre av Bjørn Kjos. Streikane i dag minner fagrørsla samla om det bra ved den nordiske samfunnsmodellen, som rett og slett er velferdsstaten vi har kjent. Somme trur at den samla fagrørsla er noko umoderne og unødvendig, men fagrørsla i verda har framtida føre seg og vil bli prøvd i heile verda, det trur no eg. Men alt er i endring. Det er iallfall sikkert.

For 5 år sidan gjekk NHO Service ut med ein storstilt reklame for konkurranseutsetjing av kommunale tenester. Det var viktig for NHO Service at ingen skulle markere konkurranseutsetjinga som privatisering. Fagforbundet gjekk gjennom materialet til NHO og laga ein motrapport. Når eg som lokalpolitikar i Kragerø åtvara mot privatisering av kommunale tenester, fekk eg straks eit motinnlegg frå direktøren i NHO Service, Peder Furulund. Og ikkje lenge etter eit lokalt motinnlegg frå partiet FrP. Her er innlegga inkludert fleire svar. (Medan diskusjonen heldt på, kom skandalen med Adecco på Ammerudlunden Sykehjem i Oslo.)


Note: Martin Kolberg, mellom andre, har brukt parolen «Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla!»

Og hugs fanemarkering framfor STORTINGET i dag 19. mars kl 14:00. Møt opp!