Heim > Nytt | 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 |
Nytt Mar 2015
Aforismar eller korte dikt
Fredag 27.
Diktkammeret
Mandag 23.
Henta sørover
Torsdag 19.
Set i gang!
Tirsdag 17.
Fagrørsla, fagrørsla, fagrørsla
Søndag 15.
Satirisk dikt
Fredag 13.
Fri bane?
Onsdag 11.
Onsdag 11. Mars 2015
Fri bane?
Også på 8. mars kom framlegg til ny arbeidsmiljølov og dermed fagrørsla heilt i framgrunnen. Likevel: I tida etter at regjeringa produserte sitt første statsbudsjett, har den norske politiske debatten hatt ekstra mange ballar i lufta.
Likevel er det noko som peikar seg ut i virvaret av saker. Og den verkelege misjonen til den noverande regjeringa blir stadig meir tydeleg. Det finst ein samanheng mellom mykje av det «nye» som den blåblå regjeringa i Noreg kjem med og lokkar med. Men kok det ned. Alt går ikkje ut på framgang og forteneste, men heller på å trenge fagrørsla tilbake, slik at kjøparane av arbeid får fri bane.
Sjå berre når det dreier seg om alminneleg søndagsopne butikkar, det er noko som går vel i hop med «bemanningsselskap» og passar ikkje mindre for «mellombels» jobbar eller for såkalte «faste» jobbar utan garantert løn, og det stør privatisering av det norske samfunnet. Vel. Men knapt nokon dei siste åra har vore så steilt avvisande og kontante mot fagrørsla og velferdssystemet som Bjørn Kjos i Norwegian, enda dei tilsette i Norwegian lenge har vore med på ein formidabel auke av produktiviteten i selskapet.