Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2015

Allsidig organisasjon
Onsdag 25.

Poesi på nettet og portrett
Mandag 23.

Morsmålet
Mandag 16.

Samtidspoesifestival i mars
Søndag 15.

Tilbake til Serbia
Fredag 13.

Statsminister-figuren
Mandag 9.

Mellom dikt og grafikk
Søndag 8.

Ekstra ekstra
Lørdag 7.

Nasjonal feiring for samane
Fredag 6.

Onsdag 25. Februar 2015

Allsidig organisasjon

Somme interesserer seg for dikt. Diktets Venner kjem med vår-programmet sitt. Alltid har den aktive organisasjonen i Skien både klassisk litteratur og nolevande poetar på programmet. I det siste tilfellet kjem poetane sjølve og gjer ein innsats. Og klassikarane blir haldne fram av skodespelarar eller biografar, ikkje minst av Arild Stubhaug. Eller like gjerne av gode lokale kåsørkrefter, slike som litteraturhistorikar Erik Gjestvang eller forfattaren Jan Køppen Petersen. Alt i alt prøver Diktets Venner å vere allsidig med gjester kanskje langt vekke ifrå og dertil nytte nær kompetanse i Telemark.

Ein fast dag er vald til arrangementa, onsdagar tidlegast i månaden. Vanlegast stad for arrangementa blir Sitt Ned Kunst & Kafé. Fast brukt tidspunkt er kl 19.

Onsdag om ei veke, dvs 4. mars, kjem skodespelar Ingvild Hogstad. Hogstad har studert russisk teater og har også nært kjennskap til den store russiske lyrikaren Anna Akhmatova (1889-1966). Ja, Hogstad held føredrag om Anna Akhmatova og les dikt av lyrikaren, m.a dikt gjendikta til norsk av Halldis Moren Vesaas. Det blir også ei avdeling med musikk.


Det vidare på «vårprogrammet» er:
8. april: Med lyrikaren og forfattaren Helge Rykkja

6. mai: Med lyrikaren og romanforfattaren Margaret Skjelbred

3. juni: Artisten, skodespelaren og forfattaren Vilde Bjerke
med programmet «Tett på André Bjerke».