Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2015

Allsidig organisasjon
Onsdag 25.

Poesi på nettet og portrett
Mandag 23.

Morsmålet
Mandag 16.

Samtidspoesifestival i mars
Søndag 15.

Tilbake til Serbia
Fredag 13.

Statsminister-figuren
Mandag 9.

Mellom dikt og grafikk
Søndag 8.

Ekstra ekstra
Lørdag 7.

Nasjonal feiring for samane
Fredag 6.

Mandag 23. Februar 2015

Poesi på nettet og portrett

Det finst ikkje mange tidsskrift for nettet her i landet med vekt på poesi. I KKs bokmagasin omtalte Tina Åmot, gjennom ein ny serie i fast notis-spalte, det svenske nettidsskriftet Ett lysande namn... Dette svenske tidsskriftet (som har vore ukjend for meg, sjølv om det har eksistert sidan 2006) skal eg sjå nærare på. Mest på grunn av mange poesitekstar.




Det som heller ikkje er berre nytt, er ei spalte som eg følgjer med på i eit anna tidsskrift, det norske tidskriftet Vagant. Og spalta starta, så vidt eg hugsar, i fjor. Alltid med personleg basert presentasjon («portrett»). Og hittil av dei følgjande poetane:
i nr 1 2014: Inger Hagerup
i nr 2 2014: Georg Johannesen
i nr 3 2014: Jens Bjørneboe
i nr 4 2014: Sigmund Mjelve
Den som står for dette, er Henning Hagerup, og berre han kunne gjort det, fordi han byggjer delvis på eigne minner, også barndoms-minner, han kjem alltid med syn på enkelte dikt av dei portretterte poetane likevel. Henning Hagerup får sagt mykje med eit par sider kvar gong på denne måten!