Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2015

Allsidig organisasjon
Onsdag 25.

Poesi på nettet og portrett
Mandag 23.

Morsmålet
Mandag 16.

Samtidspoesifestival i mars
Søndag 15.

Tilbake til Serbia
Fredag 13.

Statsminister-figuren
Mandag 9.

Mellom dikt og grafikk
Søndag 8.

Ekstra ekstra
Lørdag 7.

Nasjonal feiring for samane
Fredag 6.

Fredag 13. Februar 2015

Tilbake til Serbia

Peter Handke blei debattert, og det er ein forfattar som eg ikkje kjenner verka til, slik at eg tykte det var mindre vits i å debattere for meg enn for dei som kjende betre til forfattarskapen hans. Men sidan eg har vore interessert i skjebnen til fleire delrepublikkar i det gamle Jugoslavia, så ville eg gripe dei alvorlege spørsmåla om både fascisme og folkemord og krigsforbrytarar frå ein annan kant enn spørsmålet om Peter Handke.

Derfor valde eg nemleg dei innleiande og trasige åra 1987-1991 i området, da Jugoslavia-føderasjonen på kort tid eksploderte i sine enkelte delar. Og dette synte seg også å bli ein arbeidssam tekst å få til å bli solid, sjølv om det likevel er lettare for meg å vere klok og etterpåklok og personleg om dei trasige åra 1987-1991 enn det kan vere for meg å gripe inn i den absolutte nåtida til dømes i Ukraina eller i Syria.