Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2015

Allsidig organisasjon
Onsdag 25.

Poesi på nettet og portrett
Mandag 23.

Morsmålet
Mandag 16.

Samtidspoesifestival i mars
Søndag 15.

Tilbake til Serbia
Fredag 13.

Statsminister-figuren
Mandag 9.

Mellom dikt og grafikk
Søndag 8.

Ekstra ekstra
Lørdag 7.

Nasjonal feiring for samane
Fredag 6.

Mandag 9. Februar 2015

Statsminister-figuren

Einar Økland feirar. Og det skjer på laurdag den 14/2, om ikkje på heimtraktene nett, så iallfall klårt i landsdelen, på Sunde Kyst- og litteratursenter. Og Økland, som fylte 75 i januar, blir feira med seminar frå kl 11, dessutan byrjar opplesingskveld & konsert kl 20. Her er bl.a programmet attgjeve.



Samstundes skal denne korte artikkelen peika på ei ny utgjeving av Einar Økland:

Nemleg STATSMINISTER-BOKA, som opphavleg i 1969 var ferdig til å komme trykt som ei illustrert barnebok, ho kom heller trykt no (i 2014) som ei vaksenbok utan illustrasjonar, men med noko slags opplegg med teikneoppgåver for barn kanskje. Eller som fungerande scenetilvisingar ut av det som i 1969 var meint som instruksjon til illustratøren frå Einar Økland si side! Altså i 2014 fungerer verket iallfall slik: som eit slags kjeldemateriale til året 1969, eller som noko i DIKTBOK-sjangren, eller også som TEATER!

Boka, som har open plass for teikningar, har litt for stiv rygg til enkelt å kunne bli teikna i. Likevel kan folket bidra... Føye til skal eg at Einar Økland er kjend som ein allsidig forfattar i alle litterære sjangrar og ein forfattar som også er spesialist på biletkunst og illustrasjonar. Det er freistande, tykkjer eg, at små barn skal få bu seg - saman med andre - til å ta del i statsstyringa ved å få innsyn i statsminister-figuren. Dette ville eg tru passa for mange.

Ps 11. februar: Det nærmar seg laurdag. Heilt fremst i Einar Økland si bok kjem diktet om kven STATSMINISTER-BOKA er til. Derpå kjem diktet om kven statsministeren er. Så skal eg få sitere eit dikt-bilete av kven du er (du som les) med boka sitt dikt nr 3:

Statministeren og folket


Det er fullt av folk i bussen.
Det er fullt av folk på toget.
Det er fullt av folk på båten.
Det er fullt av folk i flyet.
Det er fullt av folk i gata.
Det er fullt av folk i salen
og butikken.

Massevis.
Hundrevis.
Tusenvis.
Millionar.
Ja, millionvis
av folk som er saman samstundes.

Vi kan ikkje sjå kven som er statsministeren
mellom dei.

Men vi kan stole på at han er der.
Han kan vere kven som helst
i bussen, på toget, på båten
i flyet
i gata
i salen
butikken.
Det gjeld å sjå etter.