| Heim > Nytt | 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 | |
Nytt Nov 2005
Poesitid slutt?
Tirsdag 29.
Dans i fokus
Lørdag 26.
Språkhumanisme?
Torsdag 17.
Aksjonar for kontraktane?
Torsdag 17.
Slampoetane
Tirsdag 1.
Torsdag 17. November 2005
Aksjonar for kontraktane?
Norske forfattarar gjer det bra, både heime og ute. Jamført med mange forfattarar i utlandet har norske forfattarar gode kontraktar. Men dette trengst også i eit lite språksamfunn - jamført med dei store verdsspråka i Europa, slike som engelsk, fransk, tysk, spansk, portugisisk, russisk osv, med sine potensielt raske marknader. Men i Noreg skjer - slik som også i andre land - ei sterk liberalisering av bokmarknaden, med skjerpa priskonkurranse som ikkje tener breidda i ny norsk litteratur eller for den del breidda i høgverdig ny omsett litteratur. Og den norske normale kontrakten for forfattarane er stadig i fare for å tape i verdi, for dei fleste forfattarane.
Det er planlagt (etter eit bra medlemsmøte i forfattarforeininga) faglege forfattarklubbar ved/til dei største norske forlaga: Og merk: bestseljande forfattarar går saman med dei mange normalseljande i den viktige planleggjinga av eventuelle aksjonar, slik at ein skal kunne stå godt rusta til det som kjem. Forhandlingar er i gang om avtalene kring den nye marknaden, der m.a fastprisen på bøker er blitt meir og meir uthola og underordna dei siste åra mot forfattarane sine interesser.