Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2015

Poesifilm
Fredag 30.

Politisk kunst
Torsdag 29.

Arbeidsgjevarvennleg?
Torsdag 29.

Olav H. Hauge
Lørdag 24.

Tre notisar
Mandag 19.

Tema ytringsfridom
Torsdag 8.

Vennskapen sine naboskap
Onsdag 7.

Utviska frå samtalen no?
Fredag 2.

Torsdag 29. Januar 2015

Arbeidsgjevarvennleg?

I går fylte LO, Unio og YS heile Torget i Kragerø, sjølv om veret var regnfullt og surt. Men det fanst kaffe og kjøtsuppe og talar som varma under den politiske streiken mot regjeringa sine forslag til å nedskalere arbeidsmiljølova. Aldri har Torget vore så breiddfylt av folk før.

Det minte nokon av oss (utan at det blei sagt på Torget) om at ting deler seg i to i Europa. No har ein sterke krefter i ei samla norsk fagrørsle mot eit meir arbeidsgjevarvennleg arbeidsmiljø. Kan dette ha noko med reaksjon mot EØS (EU) å gjere? Mot arbeidsmiljøet i Europa? Har raksjonen mot dette noko sams med det som den heilt nyvalde og EU-kritiske regjeringa i Hellas står for?

Her er det på plass med eit par strofer frå ein av «denne nettstaden» sine siterte gode forfattarar. Kven trur du?

Vi har en verden å vinne
og ikke en time å miste.
Så skulle vi famle i blinde
og spikre oss selv en kiste?

Husk, vi er folket som murer
et vern med den venstre hånden,
mens fienden ligger og lurer
og venter vi oppgir ånden.

(...)