Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2015

Poesifilm
Fredag 30.

Politisk kunst
Torsdag 29.

Arbeidsgjevarvennleg?
Torsdag 29.

Olav H. Hauge
Lørdag 24.

Tre notisar
Mandag 19.

Tema ytringsfridom
Torsdag 8.

Vennskapen sine naboskap
Onsdag 7.

Utviska frå samtalen no?
Fredag 2.

Mandag 19. Januar 2015

Tre notisar

At den amerikanske og norske og engelske poeten Noel Cobb døydde no i januar, det fekk eg indirekte greie på, men ikkje offisielt stadfesta, utan via ei wikipedia-oppdatering. Han døydde fredfylt, 76 år gamal. Noel Cobb budde i Noreg frå 1959 og var med i tidsskriftet Profil midt i 1960-åra. Noel var også stadig praktiserande forfattar og psykolog; utvist frå landet blei han brått i 1966. -



«Uskarpe klassebilete» er ingen vanleg tittel på eit litterært essay i Noreg no. Bjørn Ivar Fyksen, som held på med ei doktoravhandling om Alf Prøysen», ser gjennom norsk samtidig romankunst i Bok-magasinet til Klassekampen den 17/1, og Fyksen slår der fast at biletet av det norske samfunnet no i denne svære prosalitteraturen står fram som ufullstendig, så lenge arbeidarklassekvardag og eit mål av klassemessig maktanalyse lite eller aldri er med. -



Stadig meir av klassisk europeisk lyrikk blir sett om til norsk. La meg ta forlaget Bokvennen som døme. På tampen av 2014 kunne ein studere William Blake (levde 1757-1827) sitt store posthume diktverk Milton på norsk, utgjeve med fullstendig attgjeving av forfattaren sin kraftige lay out inkludert grafikk... I same rennet kom forlaget si satsing på gjendikting av Dylan Thomas (1914-1953), i eit utval med tittelen Dikt på min gebursdag. -