Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2015

Poesifilm
Fredag 30.

Politisk kunst
Torsdag 29.

Arbeidsgjevarvennleg?
Torsdag 29.

Olav H. Hauge
Lørdag 24.

Tre notisar
Mandag 19.

Tema ytringsfridom
Torsdag 8.

Vennskapen sine naboskap
Onsdag 7.

Utviska frå samtalen no?
Fredag 2.

Onsdag 7. Januar 2015

Vennskapen sine naboskap

Denne nettstaden har granska vennskap sin plass i norsk lyrikk. Eg fann til dømes Haldis Moren Vesaas, Sigbjørn Obstfelder, Jan Erik Vold, Bjørnstjerne Bjørnson, Kate Næss og Halvdan Sivertsen. Og litt seinare fann Anne Danielsen og eg mellom anna Håvamål og Kolbein Falkeid («Venner») og Stein Mehren («Vennskap») og Helge Torvund (frå Hertevig-boka). Høvesvis har likevel vennskap fått liten plass, ser det ut til, iallfall i dei siste tiåra sin lyrikk, dei åra som eg har følgd aller mest med på. (Det har jo optimistisk komme svært mykje lyrikk utgjeve desse åra.)

Yngvar Ustvedt, som samla saman ein litterær antologi trykt 1978, fann temaet i ein del numre i prosaen, mellom andre Cora Sandels «Carmen og Maja», samt noko hos Arthur Omre, Sigrid Undset, Torborg Nedreaas og Alexander Kielland; og Ustvedt valde dertil «Eventyret om følgesvennen» av Asbjørnsen og Moe. Vi snakkar i hovudsak om eldre klassikarar i litteraturen. Yngvar Ustvedt, han som tok doktorgrad på, og var dertil biograf på, Henrik Wergeland, fann norske dikt med tema i naboskapen til openberr vennskap... Tittelen på boka som vi studerer her, må eg nemne: Om vennskap

Ja, i den norske diktverda fann Ustvedt ofte naboar til vennskap.

Nabo: Diktet av Jakob Sande («Velom») dreier seg om ein arbeids-kamerat til sjøs. Sigurd Bodvar har skrive eit inntrengjande portrett av ein mann, eit dikt med tittel «En venn». Louis Kvalstads fine dikt «Vennskapet» er om tilhøve mellom ein mann og ei kvinne, og diktet ligg i retning av kjærleiksdiktet. Henrik Wergelands dikt eller «ballade» som påpeikande er kalt «Fordums venner» (Ludvig Daa), er også med i den nemnde antologien. Redaktør Ustvedt held fram at Wergeland «ustanselig laget nye sanger til vennskapets pris». Og omstenda er sjølvsagt da tatt på kornet. Jamført med vår eiga tid er jo dette med Wergeland og glødande vennskap heilt påfallande.

Det er mogleg at Yngvar Ustvedts antologi, trykt 1978, har ligge ei tid for han og venta i manuskript, kanskje i påvente av fleire funn. Iallfall skriv Ustvedt optimistisk følgjande i forordet til utgjevinga (sitat): «Og for å ta et av de yngste tilskudd på dikterstammen her i landet – Jan Erik Vold: hvor mange av hans beste dikt er ikke nettopp vennedikt?» Men denne tråden eller - andre nyare trådar - blir ikkje følgde opp i den utgjevne antologien (laga av ein mann som midt i 1960-åra var open for nyvinning i lyrikk, hugsar eg).

Jens Bjørneboe har eit fint dikt («Besøk») i Den store by, 1958, eit dikt som eg skal sitere den avsluttande strofen av (heile diktet er i antologien):

(…)

Ja, du kan være sikker: Jeg skal komme!
En aften når du søker meg igjen,
da skal jeg legge sammen alle bøker
og reise meg og følge deg, min venn!


Denne avslutninga på Bjørneboes dikt syner at diktaren har godt tak på kva ein kan definere og fastslå som ein VENN. Dei same krava set Rudolf Nilsens ulike scener - i diktet sitt under - fortenstfullt på spissen (diktet er henta frå boka Hilsen og håndslag, men sitert her etter Ustvedts antologi, som har ein modernisert stavemåte). Ordet «høker» i diktet er eit vanleg ord, på den tida, for kremmar; vi kan for all del seie «småhandlar».


VENNER


Nu tenner jeg lampen på bordet
for ute er måneskinn.
Så tar jeg min kone på ordet,
og ber mine venner inn!

Vi smaker og snakker og drikker og røker
til konen min nær sovner inn.
Men hun og den venn, som er høker,
går tur ut i måneskinn.

Så sitter vi andre og rakker
ned bøker og kunst efter tur.
Jeg hører en hviske: du snakker!
og viser en annen sitt ur.

For klokken er tre eller fire.
Men snakket går lystig igjen. –
Og alle er med på å svire
foruten min kone og venn.


Legg merke til slutten av diktet; på grunn av dobbelttydinga i siste line er vennen til eg-personen kanskje like mykje blitt venn med eg-personen si kone. Og dette gode diktet blei likevel ikkje tatt med i Rudolf Nilsens første tre utgjevne bøker, i forfattaren sitt korte liv! Hos begge, Jens Bjørneboe og Rudolf Nilsen, rimer ordet «igjen» med ordet «venn», den eldste poeten gjer det mest elegant, om han også er mest konkret! Nilsen som var ein større stilist i poesien enn Bjørneboe, hadde nok generelt mykje stoff å ta av til bøkene sine.

Men her skal begge ha kredit for det klåre temavalet som dikta lyser av... Eg skriv dette stykket om litteraturen fordi djupe kjensler både i kjærleik og i vennskap og i kameratskap er viktige temaer for den gamle og den eventuelt nye avantgarden, det trur og meiner eg. Og derfor plasserer eg denne kan hende lange kommentaren/analysen under «Nytt».