Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2015

Poesifilm
Fredag 30.

Politisk kunst
Torsdag 29.

Arbeidsgjevarvennleg?
Torsdag 29.

Olav H. Hauge
Lørdag 24.

Tre notisar
Mandag 19.

Tema ytringsfridom
Torsdag 8.

Vennskapen sine naboskap
Onsdag 7.

Utviska frå samtalen no?
Fredag 2.

Fredag 2. Januar 2015

Utviska frå samtalen no?

Samuel Beckett kjenner vi, ja vi kjenner han mest som forfattaren av skodespelet Mens vi ventar på Godot/ Waiting for Godot. Forutan å vere verdskjend som dramatikar er den irsk-franske avantgarde-forfattaren også poet og prosaist. Han starta som poet. Kjærleik er temaet for følgjande dikt av Beckett, «Lady Love», eit dikt som er «adoptert» frå den franske surrealisten Paul Eluard:


She is standing on my lids
And her hair is in my hair
She has the colour of my eye
She has the body of my hand
In my shade she is ingulfed
As a stone against the sky

She will never close her eyes
And she does not let me sleep
And her dreams in the bright day
Make the suns evaporate
And me laugh cry and laugh
Speak when I have nothing to say



Kjærleik er faktisk eit tema som høver for avantgarden, samstundes som avantgarden nok har vore opptatt av kjærleiken (og mykje meir opptatt av den enn av familien). Tre kraftige ord i diktet er «lids» (=augnelokk), «ingulfed» (=oppslukt) og «evaporate» (fordampe)... Her er diktet sitert frå antologien «The 100 Best Love Poems of All Time», New York 2003.


***

No ved starten av 2015 melder eg at det kjem meire stoff frå meg om den klassiske avantgarden, det er denne stadige avantgarden som særleg i Noreg er blitt utviska som namn av altfor mange generasjonar poetar og litteraturvitarar.

I desse dagane kunne TV-sjåarar i Noreg nyte eit program om ein stor norsk jazzsongar. Eg tenkjer på Karin Krog, den feira jazz-songarinna, som like mykje var ein sjølvlært avantgardesongar med personleg stil, og ho henta sine impulsar frå mange internasjonale musikaske miljø. Alt dette blei heldigvis tatt med i programmet. Ho er stor ute i verda, t.d i eit land som Japan. Og eit renommert jazz-tidsskrift som Down Beat kåra henne stadig på topp som kunstnar.

Eit vittig utsegn sitert i det nemde TV-programmet var at hardt arbeidande Krog meir enn å sjå ut som ei jazzsongarinne såg ut som styremedlem i eit multinasjonalt konsern. Dette er ikkje berre vitig, men ein lærdom. For å trekkje ein tråd til omtalte Samuel Beckett, så kunne ein seie at han i mange år såg mest ut som ein idrettsmann eller atlet. Men han var likefullt det han var. Når forskinga på den norske avantgarden vonleg går vidare med nye utgjevingar av resultata her i landet, kan vi håpe at forskarar har tatt føre seg Karin Krog, eit spennande tema.