Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2014

Flekken
Mandag 29.

Guten og våpna
Mandag 22.

Aviskultur og folkestyre
Torsdag 18.

Alternativ tru og kultur
Onsdag 17.

Store augneblinkar i dag
Onsdag 10.

Palestinsk referansepunkt
Mandag 8.

Tilrådingar i stria
Tirsdag 2.

Vekk frå brutalt styrt euro!
Mandag 1.

Mandag 22. Desember 2014

Guten og våpna

Vi er inne i ei tid – ikkje minst dei siste dagane - som blandar krig og fred. Dikta som eg fann, er nye, det vil seie at dei er iallfall nye på norsk, og det er Tiden forlag som har gjort oss denne tenesta. Eg tar eit av dei kortare, men svært gode (eitt litt på slump):


GUTTEN OG VÅPNENE


La gutten føle bajonettens blad
hvor kaldt stål er, og oppspilt sult på blod.
Blått av all skadefryd, som en galnings kjør;
og fint tegnet, av hunger etter kjøtt.

La ham stryke stumpe blinde børseløp
som higer etter å nafse i ungt blod.
Eller gi ham patronen hvis fine tenner av sink,
er skarpe som skarpheten til død og sorg.

For hans tenner er som latter rundt et eple,
det lurer ingen kløe bak myke fingertupper,
og Gud lar ingen rovklo vokse på hans hæl,
intet gevir ut av lyse, tette krøller.



Dette er eitt av Wilfred Owens krigsdikt skrive i ein periode i 1917 og 1918. No endeleg er dei gjendikta av Arne Ruste i boka Tjuefem krigsdikt 1917-1918. Det er blitt hundre år sidan verdskrigen starta i 1914, ein krig med heller få heltar. Og få av dei menneska som var ved fronten, skreiv dikt om det, slik som engelske Wilfred Owen verkeleg gjorde før han fall... Mange meiner - dei har iallfall sagt det offentleg - at verdssituasjonen lenge etterpå liknar på ei tid før første verdskrig, altså så lenge som hundre år og meir.