Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
   Nytt  2008  2007  2006  2005  2004    |    Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan
 


Slampoetane
  Tirsdag 1. November 2005
Torgeir Rebolledo Pedersen og Morten Wintervold vann noregs-meisterkapen i slampoesi med respektive første og andre plass. Eg gratulerer dykk. Gratulerer!

Landsfinalen var i Oslo. Først Torgeir, som debuterte i 1983 med «Tidr» og deltok aktivt i stuntpoetane; han deklamerte eit av dikta frå debut-samlinga, diktet populært kalt «knape tidr», som siste innslag i slam-finalen. Elles veit eg at han har eit ovlangt dikt som NtEU har send ut til alle lokallag, og som faktisk vi i Kragerø er så heldige å få høyre opplesi på eit møte med foredrag av Heming Olaussen i morgon kveld. Morten Wintervold er ein ung mann, busett Tromsø, med si andre diktsamling nett ute, dessutan jobbar han saman med andre i eit planlagt nytt tidsskrift. Berre kort om dette no.

Her er ei lenke til Dagsavisens slamreportasje.


Ps 2/11, ei lita soge: Torgeir R og eg kjenner kvarandre frå Raud Front-leirar tidleg i åttiåra, eg trur denne var 1982 på Hove militærleir, og vi tilhøyrde begge den staselege Clash-brigaden s.m Panter-jenter frå Trondheim med grønmåla neglar, vi hadde eige kor dirigert av ei ung libanesar-dame & låg på topp i Klassekampen-salet; på Kro-kvelden las Torgeir første gong (iallfall så eg høyrde det) EVOLUSJONENS RØST eller «knape tidr», og eg las joggediktet mitt og eg las refreng-diktet RASKATROLL. Eg meiner at dei aller første åra av 1980-talet var ei bra tid for kunsten, iallfall poesien! - før det spora av - og tok heilt av med «høgrebølgje» og næringslivssponsing av kunsten. Ei bra tid? Jamfør stuntpoetane sit spel. Det var stuntpoetane som tok bort bokstavar i namnet til kulturminister Lars Roar Lengslet, inspirerte av diktet til Torgeir Rebolledo (ordet m/spansk uttale) Pedersen. Den dag i dag er «knape tidr» eit av dei best kjende dikta i Kragerø, fordi folk, andre enn forfattaren, har praktisert å sitere det. Og Oslofolk som er publikums-dommarar i slamtevlingar, set tydelegvis pris på dette konkretistiske diktet, der bokstavar, mange bokstavar, blir slukt og borte...


Nytt Nov 2005:

Poesitid slutt?
Tirsdag 29.

Dans i fokus
Lørdag 26.

Språkhumanisme?
Torsdag 17.

Aksjonar for kontraktane?
Torsdag 17.

Slampoetane
Tirsdag 1.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn