Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2014

Flekken
Mandag 29.

Guten og våpna
Mandag 22.

Aviskultur og folkestyre
Torsdag 18.

Alternativ tru og kultur
Onsdag 17.

Store augneblinkar i dag
Onsdag 10.

Palestinsk referansepunkt
Mandag 8.

Tilrådingar i stria
Tirsdag 2.

Vekk frå brutalt styrt euro!
Mandag 1.

Onsdag 17. Desember 2014

Alternativ tru og kultur

Somme ber oss om å heve blikket. Ivar Orvedal har eit alternativt julegåveforslag når han skriv at:
Ytre Sula er eit av dei sjeldsynte natur- og kulturfenomen på kloden. Den finaste julegåva i år er difor bodskapen om at samanslutninga som ville omskape Ytre Sula til industri-område for vindturbinar i brev til NVE den 8. desember trekkjer konsesjonssøknaden attende. Etter altfor mange år med meir eller mindre ærleg strid kan nå både utbyggjar-interesser og konsesjonshandsamar avslutte ei av sakene utan å tape all ære.
Og Orvedal har meir på lager om korleis alt heng saman framover i tid (sitat):

«Til dei som framleis trur at rovdrift på naturen er det som skal redde sivilisasjonen vår vil eg vise til ein ny rapport frå CreatingEurope.eu som fortel at kultur og kreativ sektor med sine 7 millionar sysselsette i Europa har hatt økonomisk oppgang medan industrinæring opplever finanskrise. (Dette skal vi komme grundig attende til saman med invitasjon til drøfting og samarbeid.)»

Javel. Det skal vi vel sjå på. Ok. Men først nokre glimt av Solund, Noreg, som Ivar Orvedal er raus med å dele med seg: Lenke 1. Og: Lenke 2.