Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2014

Flekken
Mandag 29.

Guten og våpna
Mandag 22.

Aviskultur og folkestyre
Torsdag 18.

Alternativ tru og kultur
Onsdag 17.

Store augneblinkar i dag
Onsdag 10.

Palestinsk referansepunkt
Mandag 8.

Tilrådingar i stria
Tirsdag 2.

Vekk frå brutalt styrt euro!
Mandag 1.

Tirsdag 2. Desember 2014

Tilrådingar i stria

Vi er komne inn i ein innkjøpsmånad, og diktbøker kan vere fine gåver å gje bort når folk har mykje klede, smykke og utstyr og pynt frå før. Frå dei følgjande nye bøkene med dikt har eg levert utdrag og omtale:
Yahya Hasan: Barndom

Linda Klakken: Skriv ferdig boka om livet ditt

Matias R. Samuelsen: Forstillingsværket

Kjartan Hatløy: Mi meinings hus

Gerda Mayer: Alle blad har mist sitt tre

Øyvind Berg: Gjennom mørketida

Eva Jensen: Vidareutdanning i lys og skugge

I tillegg kjem da dette lesestoffet: breie, romanliknande diktbøker med tydeleg demonstrert verkelege personar til brukte hovud-personar i forteljinga. Det er bøker som Nils-Øivind Haagensens Spredning og Ruth Lillegravens Manilahallen.

Ps: I bokhandelen kan ein enno treffe på flotte, kanskje tematiske, diktbøker frå 2013. Og dette er absolutt gyldige bøker, som det blei levert døme frå på denne lista med lenker. NB: Tenkj først at dikt-bøker ofte er i forkant. Men spør deg for kor dikthyllene er i bok-handelen!