Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2014

Kurdarane
Lørdag 29.

Samuel Steinman
Torsdag 27.

Palestinsk kulturmønstring no
Onsdag 19.

Finnmark litteraturfestival
Mandag 10.

Norsk lys og skugge
Lørdag 8.

William Blake - i Skien
Mandag 3.

By og bygd i Vestfold
Lørdag 1.

Onsdag 19. November 2014

Palestinsk kulturmønstring no

Det er solidaritet- og kulturmønstring for det palestinske folket til helga på Cafeteatret i Oslo med all mogleg kultur og musikk. Av poesi møter ein Najwan Darwish (palestinsk poet), Olava Bidtnes og Marry Ailonieda Somby.

På søndag blir det mellom anna fremføring av monologen Jeg er Haifa (forfattar er Lene E. Westerås) ved Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig. Sjå dagsprogramma (over).

«Jeg vil puste» er hovudtittelen på mønstringa. Cafeteateret er i Hollendergaten 8... Det er hipop. Det er X-Ray. Det er Rap. Det er skodespel og monolog og akustisk impro. Det er appell (ved Mads Gilbert) og rundebord og debattpanel. Det er solidaritetslunsj, det er kunstauksjon. Og det er fleirfaldige konsertar, m.a konsert i regi av Kampenjazz til slutt.

Det er stort engasjement for Palestina i Troms og mellom troms-væringar, til dømes er Moddi med på den samla kulturmønstringa i Cafeteateret. Vi kan alle, same om vi er tromsværingar eller ikkje, komme etter og støtte opp.



Her er ei bok som er ei palestinsk kulturmønstring i seg sjølv, boka Med håpet som våpen.

Ein av deltakarane på mønstringa er Ayed Morrar, kjend frå den palestinske grasrot- og motstandsrøsla og kjend for dokumentar-filmen «Budrus», han har reist rundt i Noreg, vore i Trondheim, Bergen, Larvik og Elverum (skal altså vere i Oslo no). Han dreg vidare til Fredrikstad på måndag og deretter til Håndverkeren Konferanse-senter i Oslo på tirsdag.