Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2014

Kurdarane
Lørdag 29.

Samuel Steinman
Torsdag 27.

Palestinsk kulturmønstring no
Onsdag 19.

Finnmark litteraturfestival
Mandag 10.

Norsk lys og skugge
Lørdag 8.

William Blake - i Skien
Mandag 3.

By og bygd i Vestfold
Lørdag 1.

Mandag 10. November 2014

Finnmark litteraturfestival

Avslutninga i festivalhausten sin diktsamanheng her på nettet blir Finnmark internasjonale litteraturfestival, som blir arrangert frå 19. til 22. november. Det er frå onsdag til laurdag. Staden er sentrale og viktige Alta kommune. Av programmet kan nemnast den danske roman- og novelleforfattaren Ida Jessen, norsk-samiske Maret Anna Sara, som skriv barn- og ungdomslitteratur og i år er nominert til Nordisk Råds litteraturpris, vidare den norsk-samiske lyrikaren Synnøve Persen og den samiske lyrikaren og kultur-arbeidaren Sigbjørn Skåden, som i år har utgjeve barnebok.

I det heile har festivalen mykje å by på for borna, jamfør m.a. Endre Lund Eriksen og Camilla Kuhn på programmet. Og ein tenkjer også på det norske grunnlovsjubiléet i denne festivalen, jamfør m.a. romanforfattaren og historikaren Karsten Alnæs. Vel. Festivalfolket vil få høyre både kvensk folkemusikk, joik (ved Inger Marie Nilut) og få møte russiske forfattarar frå Barents. Med i det innhaldsrike programmet kjem også til ei framsyning om tvangsevakueringa av Finnmark for sytti år sidan.

Så let eg Synnøve Persens dikt over temaet tap av (ei mors) eige barn, henta frå boka i 2006 med tittelen av skogens sus spirer nytt, lyde slik:


rød kald luft hilser henne

siste reise hjem

geiterams smykker veien

bøyer seg mot natten

jeg prøver å favne død sinkkiste

lukt av strie svir i nesen

ser navnet hennes på et lite messingskilt